Skriftlige spørsmål og svar

Liste over skriftlige besvarelser. Skriftlige spørsmål er en kort spørsmålsform, og er ikke gjenstand for debatt i Stortinget.

Avgrens utvalget

Finn spørsmål til skriftlig besvarelse etter

Sogn og Fjordane (21 - 40 av 79)
  • Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til klima- og miljøministeren

    Dokument nr. 15:1623 (2024-2025)

    Innlevert: 16.03.2025

    Sendt: 17.03.2025

    Besvart: 21.03.2025 av klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen

    Vil statsråden sørge for ei snarleg avgjerd i klagesaka på Miljødirektoratet si vraking av Kvåsfossen i Agder som eitt av fire autoriserte Besøkssenter for Villaks i Noreg, og vil statsråden sørge for at utpeikinga av kva som skal vere det autoriserte besøkssenteret på Sørlandet skjer på eit objektivt og rettferdig grunnlag ut frå kriteria som er sette og den dokumentasjonen som er sendt inn frå Kvåsfossen i klagesaka?
  • Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til arbeids- og inkluderingsministeren

    Dokument nr. 15:1616 (2024-2025)

    Innlevert: 16.03.2025

    Sendt: 17.03.2025

    Besvart: 21.03.2025 av arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna

    Tilgang på kompetanse og kvalifisert arbeidskraft er ein av dei mest kritiske faktorane for norsk konkurransekraft. Korleis følger statsråden opp vedtaket gjort av Stortinget tidligare i år om snarast mulig å få ned saksbehandlingstida for høgkompetent arbeidskraft frå tredjeland betydeleg, og vil statsråden vurdere å etablere eit hurtigspor for arbeidsinnvandrarar med fagutdanning tilsvarande dansk praksis gjennom SIRI (Styrelsen for International Rekruttering og Integration) med formål om å styrke norsk konkurransekraft?
  • Skriftlig spørsmål fra Erling Sande (Sp) til finansministeren

    Dokument nr. 15:1573 (2024-2025)

    Innlevert: 12.03.2025

    Sendt: 13.03.2025

    Besvart: 20.03.2025 av finansminister Jens Stoltenberg

    Normprisrapporteringa viser seg å medføre ei særleg ulempe for mindre aktørar i havbruksnæringa. Korleis arbeider regjeringa med forenkling av systemet, og når kan en eventuelt forvente å sjå resultatet av dette arbeidet?
  • Skriftlig spørsmål fra Erling Sande (Sp) til kommunal- og distriktsministeren

    Dokument nr. 15:1572 (2024-2025)

    Innlevert: 12.03.2025

    Sendt: 13.03.2025

    Besvart: 18.03.2025 av kommunal- og distriktsminister Kjersti Stenseng

    Korleis arbeider regjeringa vidare med utlokaliseringa av statlege arbeidsplassar, og markerer statsministeren sitt ordval ei retningsendring med tanke på kvar statlege arbeidsplassar framover er tenkt lokalisert?
  • Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til klima- og miljøministeren

    Dokument nr. 15:1546 (2024-2025)

    Innlevert: 09.03.2025

    Sendt: 10.03.2025

    Besvart: 13.03.2025 av klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen

    Kva vil statsråden gjere for at Ålfotbreen nasjonalpark i kommunane Bremanger, Kinn og Gloppen i Vestland fylke raskast mogleg kan bli ein realitet?
  • Skriftlig spørsmål fra Erling Sande (Sp) til helse- og omsorgsministeren

    Dokument nr. 15:1519 (2024-2025)

    Innlevert: 07.03.2025

    Sendt: 07.03.2025

    Rette vedkommende: Kommunal- og distriktsministeren

    Besvart: 12.03.2025 av kommunal- og distriktsminister Kjersti Stenseng

    Vil helseministeren foreta seg noko for å redusere rapporteringsomfanget til kommunane knytt til ordninga med ressurskrevjande tenester?
  • Skriftlig spørsmål fra Erling Sande (Sp) til fiskeri- og havministeren

    Dokument nr. 15:1514 (2024-2025)

    Innlevert: 07.03.2025

    Sendt: 07.03.2025

    Besvart: 14.03.2025 av fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss

    Flere rederi melder om en ny praksis fra og med årene 2023/2024 som innebærer at Sjøfartsdirektoratet i behandlinga av bemanningskrav krever økt bemanning på ferger og hurtigbåter. Kan statsråden redegjøre for bakgrunnen for denne praksisendringen, herunder bekrefte eller avkrefte hvorvidt det er gjort endringer i lover og forskrifter i denne perioden som forklarer denne endrede praksisen?
  • Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til landbruks- og matministeren

    Dokument nr. 15:1495 (2024-2025)

    Innlevert: 06.03.2025

    Sendt: 07.03.2025

    Rette vedkommende: Helse- og omsorgsministeren

    Besvart: 17.03.2025 av helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre

    I klimaavtalen mellom regjeringa og landbruket står det at regjeringa vil arbeide for å "endre matforbruket i den norske befolkningen slik at matforbruket i størst mulig grad blir i tråd med de nasjonale kostholdsrådene". Det betyr mellom anna ein viss reduksjon i forbruket av rødt kjøt og auka forbruk av frukt, grønt og korn. Vil statsråden ta initiativ til eit møte med dei store daglegvarekjedene og andre aktørar i matkjeden for å legge ein felles plan «frå jord til bord» for å endre matforbruket i tråd med kostholdsråda?
  • Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til næringsministeren

    Dokument nr. 15:1446 (2024-2025)

    Innlevert: 02.03.2025

    Sendt: 03.03.2025

    Besvart: 10.03.2025 av næringsminister Cecilie Myrseth

    Regjeringa skryt stadig av at Noreg går så det susar. Samtidig syner nye tal frå SSB at sysselsettingsveksten i 2024 gjekk ned for tredje år på rad, og no er den lavaste sidan 2016 unntatt pandemiåret 2020. Ekstra urovekkande er det at det no er sysselsettinga i statleg sektor som veks mest, mens privat sektor har svakast sysselsettingsvekst. Er næringsministeren enig med Venstre i at dette ikkje er ei berekraftig utvikling, og kva grep vil Næringsministeren gjere for å få tilbake veksten i sysselsettinga i privat sektor?
  • Skriftlig spørsmål fra Erling Sande (Sp) til finansministeren

    Dokument nr. 15:1420 (2024-2025)

    Innlevert: 27.02.2025

    Sendt: 28.02.2025

    Besvart: 05.03.2025 av finansminister Jens Stoltenberg

    Vil statsråden eller departementet gå i dialog med Det europeiske banktilsynet (EBA) for å sikre at EUs organ har rett forståing av eigenskapane til det norske eigenkapitalprovet slik det er utforma i dag når det no er klart at Sparebankutvalet og Finanstilsynet si forståing av regelverket (CRR) avvik frå næringa og fleire andre ekspertar sine vurderingar?
  • Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til utviklingsministeren

    Dokument nr. 15:1398 (2024-2025)

    Innlevert: 26.02.2025

    Sendt: 26.02.2025

    Besvart: 05.03.2025 av utviklingsminister Åsmund Aukrust

    Blyforureining fører til over 5 millionar dødsfall i verda kvart år. Noreg var ein av grunnleggarane av partnerskapet for ei blyfri framtid (Partnership for a Lead-free Future) i 2024, men har så langt ikkje følgd opp med finansielle bidrag eller andre tiltak. Korleis vil regjeringa følge opp at Noreg er medgrunnleggar av Partnership for a Lead-free Future, mellom anna gjennom finansielle bidrag og Rotterdam-konvensjonen?
  • Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til kommunal- og distriktsministeren

    Dokument nr. 15:1370 (2024-2025)

    Innlevert: 23.02.2025

    Sendt: 24.02.2025

    Rette vedkommende: Digitaliserings- og forvaltningsministeren

    Besvart: 05.03.2025 av digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne O. Tung

    Kva rutiner har kommunal- og distriktsministeren etablert for å sikre at statlege stillingar med fleire alternative geografiske lokasjonar blir lyst ut på ein likeverdig og like lett søkbar måte for potensielle søkarar på alle aktuelle destinasjonar, og ikkje med t.d. berre lokasjon Oslo som betalt søk i utlysingar og søkemotorar på nettet slik Mattilsynet no gjer med juriststillingar som fram til no har vore lokalisert i Bergen?
  • Skriftlig spørsmål fra Erling Sande (Sp) til næringsministeren

    Dokument nr. 15:1353 (2024-2025)

    Innlevert: 21.02.2025

    Sendt: 24.02.2025

    Besvart: 28.02.2025 av næringsminister Cecilie Myrseth

    Kva vil regjeringa foreta seg for å unngå bruk av returprovisjonar for turistguidar?
  • Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til forsknings- og høyere utdanningsministeren

    Dokument nr. 15:1322 (2024-2025)

    Innlevert: 20.02.2025

    Sendt: 21.02.2025

    Besvart: 03.03.2025 av forsknings- og høyere utdanningsminister Sigrun Aasland

    Det skjer for tida ei dramatisk innsnevring av den akademiske fridomen og forverring av vilkåra for å drive forsking og høgare utdanning i USA. Vil forskings- og høgare utdanningsministeren iverksette strakstiltak for å legge til rette for at studentar og forskarar frå USA kan etablere seg i Noreg, mellom anna ved raskast mulig å fjerne studieavgifta for amerikanske studentar og sørge for fasttrackordningar for forskarar frå USA som treng arbeidstillatelse ved norske universitet og forskingsinstitusjonar?
  • Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til helse- og omsorgsministeren

    Dokument nr. 15:1277 (2024-2025)

    Innlevert: 16.02.2025

    Sendt: 17.02.2025

    Besvart: 25.02.2025 av helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre

    Riksrevisjonen slår i ein ny rapport fast at menneske med samtidig rusliding og psykisk sjukdom ikkje får hjelpa dei treng, og at det kan få alvorlege følgjer for den enkelte, familiane deira og samfunnet. Likevel har regjeringa bygd ned gode, fleksible og individuelt tilpassa tenester til desse pasientane i privat og ideell sektor, og prioritert polikliniske løysingar framfor heilskaplege behandlingsløp. Kva vil statsråden gjere for å følge opp Riksrevisjonen sin rapport og sikre at pasientane faktisk får den hjelpa dei treng?
  • Skriftlig spørsmål fra Erling Sande (Sp) til finansministeren

    Dokument nr. 15:1256 (2024-2025)

    Innlevert: 14.02.2025

    Sendt: 17.02.2025

    Besvart: 24.02.2025 av finansminister Jens Stoltenberg

    Kan finansministeren stadfeste eller avkrefte at det norske eigenkapitalprovet etter hans vurdering oppfyller krava til CET1-kapital og kvifor vurderinga hans ev. samsvarer eller ikkje samsvarer med vurderinga til professor Andrea Resti?
  • Skriftlig spørsmål fra Erling Sande (Sp) til finansministeren

    Dokument nr. 15:1255 (2024-2025)

    Innlevert: 14.02.2025

    Sendt: 17.02.2025

    Besvart: 24.02.2025 av finansminister Jens Stoltenberg

    Kan finansministeren klårgjere om det er norske styresmakter eller European Banking Authority (EBA) som avgjer kva type kapitalinstrument som er å rekne som rein kjernekapital i Noreg, og om han meiner det er EBA eller Noreg som avgjer konkret om eigenkapitalprovet er eit slikt instrument?
  • Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til næringsministeren

    Dokument nr. 15:1232 (2024-2025)

    Innlevert: 14.02.2025

    Sendt: 14.02.2025

    Rette vedkommende: Energiministeren

    Besvart: 20.02.2025 av energiminister Terje Aasland

    Kan næringsministeren garantere at den så kalla «Norgesprisen» på straum for private hus og hytter ikkje vil gi høgare straumkostnader for små og store bedrifter over heile landet, og kva meiner næringsministeren er viktigast av å sikre norske bedrifter med reelt kraftbehov i si daglege drift føreseielege og handterbare straumprisar og nok tilgang til straum gjennom effekti bruk av dei samla energiressursane, eller å statssubsidiere private hytter med stort straumbehov og gjere det mindre lønsamt for dei enn i dag å spare straum?
  • Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til finansministeren

    Dokument nr. 15:1110 (2024-2025)

    Innlevert: 05.02.2025

    Sendt: 06.02.2025

    Besvart: 13.02.2025 av finansminister Jens Stoltenberg

    I statsministerens innlegg i Stortinget 5/2 kom det fram at regjeringa får no av skal arbeide for auka konkurransekraft og produktivitet, styrka omstillingsevne, fleire lønsame investeringar og meir effektiv ressursbruk gjennom eit skatte- og avgiftssystem som fremmer verdiskaping. Kva konkrete endringar i skatte- og avgiftssystemet meiner finansministeren er nødvendige for å nå Ap-regjeringa sine nye mål, jamfør at Ap/Sp-regjeringa i si nylig framlagde gründermelding slo fast at dagens skatte- og avgiftspolitikk ligg fast, og kan finansministeren opplyse kva endringar han vil prioritere?
  • Skriftlig spørsmål fra Aleksander Øren Heen (Sp) til landbruks- og matministeren

    Dokument nr. 15:1085 (2024-2025)

    Innlevert: 04.02.2025

    Sendt: 04.02.2025

    Besvart: 11.02.2025 av landbruks- og matminister Nils Kristen Sandtrøen

    Vil statsråden sørgje for at kartgrunnlaget for Filefjell tamreinlag sitt konsesjonsområde for tamrein stemmer overeins med dei konsesjonar som er gjevne, og avslegne, og rette opp i dette slik at ein får eit omforeint kartgrunnlag som opprettheld eit naudsynt skilje mellom kvar det skal vere tamrein og kvar det skal vere villrein?