Skriftlig spørsmål fra Erling Sande (Sp) til finansministeren

Dokument nr. 15:1573 (2024-2025)
Innlevert: 12.03.2025
Sendt: 13.03.2025
Besvart: 20.03.2025 av finansminister Jens Stoltenberg

Erling Sande (Sp)

Spørsmål

Erling Sande (Sp): Normprisrapporteringa viser seg å medføre ei særleg ulempe for mindre aktørar i havbruksnæringa.
Korleis arbeider regjeringa med forenkling av systemet, og når kan en eventuelt forvente å sjå resultatet av dette arbeidet?

Begrunnelse

Sjølv om dei minste oppdrettarane er forskåna for grunnrenteskatt, blir dei likevel ramma av mykje meirarbeid knytt til normprisrapporteringa. Fleire små og mellomstore oppdrettarar melder om at dei opplever at prisfastsettingssystemet er unødvendig byråkratisk, noko som både er ressurskrevjande og kostnadsdrivande for den enkelte aktør. Regjeringa bør gripe fatt i problemet raskt. Det er både i statens og næringa si interesse at ein lukkast med forenkling og mindre byråkrati, og dermed unngår unødvendige kostnader. Det er derfor ei forventning at regjeringa held eit høgt tempo slik at ein kjem i mål med dette arbeidet innan kort tid.

Jens Stoltenberg (A)

Svar

Jens Stoltenberg: Prisrådet for havbruk kan setje skatteavrekningsprisar (normprisar) til bruk for fastsetjinga av grunnrenteinntekta i grunnrenteskatten på havbruk. Normprisane skal svare til marknadsverdien på merdkanten. Ved verdsettinga «skal det blant annet tas hensyn til oppnådde og noterte priser for laks, ørret og regnbueørret, med nødvendig justering for kvalitetsforskjeller og transportkostnader mv. til aktuelle markeder, leveringstid, betalingstid og vilkår for øvrig, oppnådde og noterte priser for solgt produkt med nødvendig justering for bearbeiding mv. og eventuelle andre sammenlignbare priser eller verdsettinger», jf. forskrift til skatteloven § 19-5-2.

For at prisrådet skal ha det naudsynte grunnlaget for å kunne fastsetje prisar, må dei grunnrenteskattepliktige rapportere opplysningar om sal m.m. til prisrådet, jf. forskrifta § 19-5-9. For at grunnlaget skal vera robust, pliktar alle dei grunnrenteskattepliktige aktørane å rapportere til prisrådet, uavhengig av om dei kjem under botnfrådraget eller ikkje. Opplysningane kan mellom anna krevjast i eit prisoppgåveskjema, fastsett av departementet. Det fyrste prisoppgåveskjemaet krev manuell rapportering, og departementet skjøner at selskapa kan ha opplevd rapporteringa som byrdefull. Det er derfor gledeleg at prisrådet nyleg har gjort kjent at dei er klare for å ta imot opplysningane automatisk. Departementet har heile vegen vore klare på at prisrådet og sekretariatet i Fiskeridirektoratet har arbeidd med ei løysing for automatisk rapportering.

Regjeringa innførte grunnrenteskatt på havbruk med verknad frå 2023 for å sikre fellesskapet og lokalsamfunna langs kysten ein større del av dei ekstraordinære verdiane som vert skapt i oppdrettsnæringa. Grunnrenta i havbruk oppstår i sjøfasen i produksjonskjeda. Bruttoinntekta vert difor sett til marknadsverdien på fisken idet den vert henta opp frå merdane. Prisane skal svare til kva fisken kan seljast for mellom uavhengige partar i ein fri marknad. Dei fleste uavhengige sal skjer seinare i verdikjeda, til dømes etter slakt og omarbeiding. Det kan difor vere krevjande for den enkelte oppdrettar å berekne riktig pris på merdkanten.

Med ulike skattesatsar for alminneleg inntekt (22 pst.) og grunnrenteinntekt (22 pst. + 25 pst.) er det insentiv og risiko for tilpassingar som kan redusere grunnrenteinntekta, både på kostnads- og inntektssida. Med normprisar unngår ein at selskap set ein kunstig låg pris på fisken ved merdkanten, og på den måten reduserer grunnrenteskatten. Det er særleg dei store, integrerte selskapa som har høve til å flytte overskot frå ein del av konsernet til ein annan. Normprisar motverkar slik flytting av overskot. Difor er normprisar hovudregelen i alle grunnrenteskattane. Petroleumsprisrådet set normprisar for olje, medan normprisane i grunnrenteskattane for vasskraft og landbasert vindkraft er spotmarknadsprisar på Nord Pool. Når prisrådet ikkje set normprisar for oppdrettsnæringa, må dei grunnrenteskattepliktige sjølve setje marknadsverdien på merdkanten.

Eg meiner at skatteavrekningsprisar sett av eit uavhengig prisråd er eit viktig verkemiddel for å sikre ein rett og rettferdig grunnrenteskatt. Det vil bidra til å redusere kontrollbehovet i Skatteetaten betydeleg. Når prisrådet kjem godt i gang, meiner eg det også vil vere ein fordel for selskapa, ved at det gjer skattefastsetjinga enklare og reduserer risikoen for langvarige tvistar og rettssaker.