Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Hardangerbrua. Foto: Hordaland fylkeskommune.
For stortingsperioden 2025–2029 er det valt inn 16 representantar frå Hordaland.
Representantane er fordelte på følgjande parti: Arbeidarpartiet (4), Framstegspartiet (4), Høgre (3), Sosialistisk Venstreparti (1), Raudt (1), Kristeleg Folkeparti (1), Miljøpartiet Dei Grøne (1) og Senterpartiet (1).
I Grunnlova står det at Noreg har 19 valdistrikt. I vallova er desse lista opp, og dei samsvarar med fylkesinndelinga i Noreg før regionreforma.
Oversikta under listar opp representantane med nummer frå det opphavlege valoppgjeret, som òg inkluderer statsrådar. Statsrådane blir fjerna frå oversikta, men nummereringa blir ståande uendra. I oversikta over dagens møtande representantar blir dei lista opp etter gjeldande representantnummer.
















Stortinget vedtok 6. oktober 2026 å be regjeringen legge frem forslag om å avvikle CO2-avgiften for fiskeflåten fra 1. januar 2027. Hvordan kommer regjeringen til å følge opp anmodningsvedtaket slik at avgiften blir avviklet på den måten Stortinget har vedtatt?
Statnett har føreslått alternativ 1.0 for ny 420-kV-line Samnanger–Øygarden: 73 km luftlinje og fem fjordkryssingar gjennom Alver, med stor motstand lokalt. Alternativ 6.1, som Vestland fylkesutval har bedt om å få greidd ut, fylgjer eksisterande nett-trasé og gir 44 km luftlinje og éi fjordkryssing. Vil statsråden syte for at alternativ 6.1 blir greidd ut på line med alternativ 1.0, og at Statnett må dokumentere at 29 km lengre luftlinje og fire ekstra fjordkryssingar er naudsynt, før ein trasé blir vald?
Den nye Hardanger og Voss tingrett opna offisielt dørene 10. juni 2025. Det gav tingretten moglegheit til å byggja opp att ein sjølvstendig distriktsdomstol med nærleik til innbyggjarane i eit stort geografisk område. Men no skal den eine av to tingrettsdommarstillingar verta erstatta av ei dommarfullmektigstilling. Dette er ei sterk svekking av denne tingretten, berre vel eitt år etter at han var etablert. Vil Arbeidarparti-regjeringa og statsråden ta politisk styring og hindre ei svekking av Hardanger og Voss tingrett?
Altfor mange går på AAP i altfor lang tid. Både 8,9 og 10 år er ikkje uvanleg. Ja, i høyringa på statsbudsjettet fekk ein høyra om ein som hadde gått på AAP i 17 år og på 26 ulike tiltak utan at Nav hadde konkludert. Dette er alvorleg, ikkje berre for den enkelte, men òg for systemet og samfunnet. Deler statsråden denne bekymringa, og vil ein gjere noko med det?
Kreftpasientar i Helse Bergen må venta mange veker på svar på CT-undersøkingar. Fylkeslegen har oppretta tilsyn og krev svar frå Helse Bergen om dei lange ventetidene. Røntgenlegar står fram i Bergens Tidende og meiner at situasjonen ikkje er medisinsk forsvarleg. Dei seier at dei er kronisk underbemanna og har vore det i fleire år. I helseføretaket sitt budsjettforslag for neste år det enda til planlagt kutt i legestillingar ved avdelinga. Kva strakstiltak vil statsråden gjera for at kreftpasientar ikkje må venta vekevis på CT-svar?