Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Sogn og Fjordane. Foto: Rolf M. Sørensen.
For stortingsperioden 2025–2029 er det valt inn fire representantar frå Sogn og Fjordane.
Representantane er fordelte på følgjande parti: Arbeiderpartiet (1), Framstegspartiet (1), Senterpartiet (1) og Miljøpartiet Dei Grøne (1).
I Grunnlova står det at Noreg har 19 valdistrikt. I vallova er desse lista opp, og dei samsvarar med fylkesinndelinga i Noreg før regionreforma.
Oversikta under listar opp representantane med nummer frå det opphavlege valoppgjeret, som òg inkluderer statsrådar. Statsrådane blir fjerna frå oversikta, men nummereringa blir ståande uendra. I oversikta over dagens møtande representantar blir dei lista opp etter gjeldande representantnummer.




Kva vil statsråden gjere for å sikre fleire skulehagar eller liknande tilbod for å styrke kunnskap om mat og matberedskap og for å sikre fleire elevar meistring gjennom praktisk læring?
Kva er gjort og kva vil statsråden gjere vidare for å følgje opp fleirtalsmerknaden frå næringskomiteen ved behandlinga av ny minerallov som slo fast at Hub for Minerals må løftast opp og vidareutviklast innanfor rammene av ei samla nasjonal satsing?
Vil det ved NRK sitt nye hovudkontor på Ensjø vere plass til alle funksjonar som i dag er på Marienlyst og vil til dømes den samla studiokapasiteten for TV-produksjon (antal studio, samla antal kvadrameter mv) bli større eller mindre, eller vil NRK måtte ha fleire lokasjonar etter flyttinga frå Marienlyst?
Vil statsråden sjå på om omsetningskravet i Merkurordninga kan knytast konkret til daglegvarer, eller på annan måte sikre at lokale verksemder sine initiativ for å etablere utsal av andre produkt eller aktivitetar ikkje vert stansa på grunn av utforminga av forskrifta.
Kva har blitt gjort for å følgje opp stortingsfleirtalet sin merknad og kva vil regjeringa gjere framover for å løyse denne krevjande flaskehalsen på E39?