Skriftlig spørsmål fra Aleksander Øren Heen (Sp) til landbruks- og matministeren

Dokument nr. 15:1085 (2024-2025)
Innlevert: 04.02.2025
Sendt: 04.02.2025
Besvart: 11.02.2025 av landbruks- og matminister Nils Kristen Sandtrøen

Aleksander Øren Heen (Sp)

Spørsmål

Aleksander Øren Heen (Sp): Vil statsråden sørgje for at kartgrunnlaget for Filefjell tamreinlag sitt konsesjonsområde for tamrein stemmer overeins med dei konsesjonar som er gjevne, og avslegne, og rette opp i dette slik at ein får eit omforeint kartgrunnlag som opprettheld eit naudsynt skilje mellom kvar det skal vere tamrein og kvar det skal vere villrein?

Begrunnelse

I Årdal kommune, og i Lærdal/Årdal Villreinområde er det eit areal som både ligg inne i offentlege kart som villreinområde, og i Kilden som tamreinområde. Det vart tidlegare drive tamreindrift i dette område, men denne drifta vart avvikla gjennom vedtak frå Landbruksdepartementet 31.10.1988. (Konsesjon til Sletterust Tamreindrift v/John Jonassen vart avvikla og Sletterust Tamreinlag v/ Rasmus Anti vart nekta konsesjon i dei same områda.) I 1996 søkte Filefjell tamreinlag om konsesjon på reinbeite på areal som hadde fått inndrege konsesjon, denne søknaden vart avslegen av landbruksdepartementet 02.10.2001.
Det er i dag bygd opp ein fin villreinbestand i Lærdal/Årdal villreinområde med omlag 270 dyr i strukturteljinga i haust. Det er likevel pågåande innvandring av tamrein i villreinområde, og i og med at det ikkje er rydda i kartgrunnlaget, på trass av fleire avslag på søknader om å drive tamreindrift, så bidreg dette til unødig konflikt.

Nils Kristen Sandtrøen (A)

Svar

Nils Kristen Sandtrøen: Jeg er kjent med problematikken knyttet til kartgrunnlaget i de områdene som representanten Heen er inne på. Problemstillinger knyttet til kartgrunnlaget for Filefjell reinlag er også løftet av Statsforvalteren i Trøndelag overfor Landbruksdirektoratet. Jeg har bedt Landbruksdirektoratet om å følge opp saken og prioritere denne. Direktoratet går nå gjennom kartene for reinlaget. Jeg har bedt om å bli orientert om resultatet av gjennomgangen.