Skriftlig spørsmål fra Erling Sande (Sp) til helse- og omsorgsministeren

Dokument nr. 15:1519 (2024-2025)
Innlevert: 07.03.2025
Sendt: 07.03.2025
Rette vedkommende: Kommunal- og distriktsministeren
Besvart: 12.03.2025 av kommunal- og distriktsminister Kjersti Stenseng

Erling Sande (Sp)

Spørsmål

Erling Sande (Sp): Vil helseministeren foreta seg noko for å redusere rapporteringsomfanget til kommunane knytt til ordninga med ressurskrevjande tenester?

Begrunnelse

Frå fleire parti på Stortinget er det den siste tida kome ønske om å redusere styringstrykket norske kommunar opplever frå staten. Omfanget av detaljstyring, rapporteringar og dokumentasjon har auka og bind no store ressursar i norske kommunar som kunne vore brukt til å yte tenester til innbyggarane. Samtidig er det ein vanskeleg ressurssituasjon i mange kommunar og mange kommunar har også utfordringar knytt til rekruttering. I rundskrivet frå Helsedirektoratet IS-4/2025 av 9.januar 2025 er det spesifisert at administrative kostnader skal trekkast ifrå. Dette er eit nytt krav samanlikna med det gjeldande rundskrivet frå 2021.

Kjersti Stenseng (A)

Svar

Kjersti Stenseng: Stortinget vedtok å innføre ei øyremerka tilskotsordning for ressurskrevjande tenester på Helse- og omsorgsdepartementet sitt budsjett frå 2004. Målet for ordninga er at den skal legge til rette for at kommunane kan gi eit godt tenestetilbod til mottakarar som har krav på omfattande helse- og omsorgstenester. I 2004 løyvde Stortinget 1,2 milliardar kroner til ordninga. Sidan 2004 har det vore nokre endringar i ansvaret for og innretninga på ordninga, og i 2025 er det budsjettert med ca. 14,6 milliardar kroner i ordninga. I regelverket heiter det at kommunar som gir ressurskrevjande helse- og omsorgstenester til enkeltmottakarar, kan søke om delvis refusjon av direkte lønsutgifter knytt til desse tenestene. Direkte lønsutgifter er løna til tilsette som arbeider i direkte interaksjon med tenestemottakarane. Utgifter til administrasjon fell derfor utanfor tilskotsordninga. Dette har ligge fast sidan ordninga vart oppretta, og rundskrivet av i år har derfor ikkje eit nytt krav på dette punktet samanlikna med tidlegare rundskriv. I ei øyremerka ordning på ca. 14,6 milliardar kroner må det stillast krav om at kommunane rapporterer korrekt. Ordninga blir forvalta av Helsedirektoratet som kvart år gjer vurderingar av om rapporteringa kan gjerast meir effektivt samstundes som rapporteringa blir korrekt. Det er mellom anna satt ut eit prosjekt som ser nærare på sentrale definisjonar i ordninga, jf. også Riksrevisjonen sin etterlevingsrevisjon frå hausten 2024.