Erling Sande (Sp): Korleis arbeider regjeringa vidare med utlokaliseringa av statlege arbeidsplassar, og markerer statsministeren sitt ordval ei retningsendring med tanke på kvar statlege arbeidsplassar framover er tenkt lokalisert?
Begrunnelse
Senterparti-Arbeiderparti regjeringa hadde eit tydeleg mål om at dei statlege arbeidsplassane skulle vere spreidd og ha ei god fordeling ut over landet og i dei ulike landsdelane. Den regjeringa arbeidde aktivt med utflytting av statleg verksemd, gjennomførte utlokalisering av stillingar og la føringar for ytterlegare utlokalisering i åra som kjem. I debatten i Stortinget i samband med omdanninga til ei rein Arbeiderparti-regjering løfta statsministaren fram utflytting av arbeidsplassar som eit tema, men brukte då formuleringar som viste til mål om utlokalisering frå Oslo sentrum til bydelane i Oslo. Det er i så fall noko ganske anna enn det Senterpartiet og Arbeiderpartiet arbeidde saman om i regjering.