Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til helse- og omsorgsministeren

Dokument nr. 15:1277 (2024-2025)
Innlevert: 16.02.2025
Sendt: 17.02.2025
Til behandling

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Riksrevisjonen slår i ein ny rapport fast at menneske med samtidig rusliding og psykisk sjukdom ikkje får hjelpa dei treng, og at det kan få alvorlege følgjer for den enkelte, familiane deira og samfunnet. Likevel har regjeringa bygd ned gode, fleksible og individuelt tilpassa tenester til desse pasientane i privat og ideell sektor, og prioritert polikliniske løysingar framfor heilskaplege behandlingsløp.
Kva vil statsråden gjere for å følge opp Riksrevisjonen sin rapport og sikre at pasientane faktisk får den hjelpa dei treng?

Begrunnelse

Riksrevisjonens ferske rapport slår fast at menneske med samtidige rus- og psykiske lidingar ikkje får tilstrekkeleg hjelp. Tenestene er oppsplitta, kapasiteten er for dårlig, og fleksible, individuelt tilpassa tilbod manglar. Rapporten syner også at døgnplassar for mange av pasientane er avgjerande, og at samhandlinga mellom tenestene er for svak.

Dette er ikkje nytt. Venstre har gjentatte gonger påpeika at regjeringa si nedbygging av døgnplassar og tilbod i regi av ideelle og private aktørar svekkar tilbodet til dei mest sårbare. Likevel har regjeringa prioritert poliklinisk behandling som hovudløysing, trass i at mange pasientar treng meir omfattande og langsiktig oppfølging.

Når Riksrevisjonen no slår så tydeleg fast at systemet sviktar, ventar eg at statsråden tar dette på alvor og gjer greie for heilt konkret kva tiltak regjeringa raskt vil iverksetje for å rette opp i dei alvorlige manglane rapporten avdekkar.

Svar

Svaret er ennå ikke tilgjengelig