Skriftlig spørsmål fra Erling Sande (Sp) til finansministeren

Dokument nr. 15:1255 (2024-2025)
Innlevert: 14.02.2025
Sendt: 17.02.2025
Besvart: 24.02.2025 av finansminister Jens Stoltenberg

Erling Sande (Sp)

Spørsmål

Erling Sande (Sp): Kan finansministeren klårgjere om det er norske styresmakter eller European Banking Authority (EBA) som avgjer kva type kapitalinstrument som er å rekne som rein kjernekapital i Noreg, og om han meiner det er EBA eller Noreg som avgjer konkret om eigenkapitalprovet er eit slikt instrument?

Begrunnelse

Sparebankutvalet ser ut til å leggje til grunn at EBA si uttale om at norske eigenkapitalprov må få betre evne til å absorbere tap for å kvalifisere som rein kjernekapital, inneber at det må gjerast endringar på ein bestemd måte i eigenkapitalprovet. EBA skriv derimot sjølv at:

“it remains the local authority responsibility to assess the best way to implement it within their national regulatory framework, giving due consideration to proportionality principles as deemed appropriate”.

Dette kjem fram av eit brev EBA sendte til den europeiske sparebankforeininga i førre veke. Det er vanskeleg å tolke dette brevet annleis enn at Noreg har stor fridom til å gjere eigne tolkingar av regelverket med grunngjeving i proporsjonalitetsprinsippet. EBA har berre peika på at kapitalstrukturen i norske sparebankar er kompleks, men overlèt til nasjonale styresmakter å avgjere korleis regelverket blir tilpassa. Det tilseier at Noreg står fritt til å kommunisere til EBA korleis ein vil ivareta den norske sparebankmodellen med utgangspunkt i proporsjonalitetsprinsippet. Den norske sparebankmodellen er særeigen og derfor sjølvsagt også gyldig med grunngjeving i proporsjonalitet.

Jens Stoltenberg (A)

Svar

Jens Stoltenberg: Bankar er pålagde å ha eit minimum av ansvarleg kapital. Føremålet er at bankane skal kunne møte uventa tap utan at dette vil svekkje tilliten til at banken kan innfri sine forpliktingar. Bankane kan oppfylle kapitalkravet med ulike typar kapital, men det meste må vere såkalla rein kjernekapital, som er kapital av høgste kvalitet. Rein kjernekapital består i praksis av banken sin eigenkapital, med enkelte justeringar. Forordning (EU) 575/2013, også kalla kapitalkravsforordninga (eller «capital requirements regulation», CRR), oppstiller krava til kva som kan reknast som rein kjernekapital. Kapitalkravsforordninga er innlemma i EØS-avtalen og gjeld som norsk forskrift, sjå CRR/CRD-forskrifta § 2.
Sparebankutvalet vart oppnemnt i 2023 for å vurdere kapitalstrukturen i sparebankane. Som utvalet viser til i NOU 2024: 22 punkt 11.3, har EBA etter kapitalkravsforordninga myndigheit til å opprette, vedlikehalde og publisere ei liste over instrumenta i kvart enkelt land som kvalifiserer som rein kjernekapital. EBA kan leggje til eller fjerne instrument frå denne lista. Instrument som ikkje står på EBA si liste, kan ikkje brukast av bankane til å oppfylle krav til visse nivå av rein kjernekapital etter kapitalkravsforordninga.
Eigenkapitalbevis har tent sparebankane vel, og er eit særmerkt kapitalinstrument for norske sparebankar. Det er svært viktig at kapitalen knytt til eigenkapitalbevis framleis kan brukast til å oppfylle sparebankane sine krav til rein kjernekapital. Regjeringa er oppteken av å ivareta og vidareutvikle sparebankane sin samfunnsfunksjon, og vil i det vidare arbeidet leggje til grunn at eigenkapitalbeviset skal bevarast.