Alfred Jens Bjørlo (V): Kan Næringsministeren garantere at den såkalla «Norgesprisen» på straum for private hus og hytter ikkje vil gi høgare straumkostnader for små og store bedrifter over heile landet, og kva meiner Næringsministeren er viktigast av å sikre norske bedrifter med reelt kraftbehov i si daglege drift føreseielege og handterbare straumprisar og nok tilgang til straum gjennom effekti bruk av dei samla energiressursane, eller å statssubsidiere private hytter med stort straumbehov og gjere det mindre lønsamt for dei enn i dag å spare straum?
Begrunnelse
Ein ny rapport utarbeidd av Thema Consulting, lagt fram 14. februar, anslår at den nye Norgesprisen på straum for hus og hytter vil føre til anslagsvis 5,2 øre auka pris pr kwH for norsk næringsliv i 2026 med ytterlegare auka ekstrakostnader i åra framover, samt at den norske kraftbalansen vil bli forverra vesentleg.