Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:1546 (2024-2025)
Innlevert: 09.03.2025
Sendt: 10.03.2025
Til behandling

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Kva vil statsråden gjere for at Ålfotbreen nasjonalpark i kommunane Bremanger, Kinn og Gloppen i Vestland fylke raskast mogleg kan bli ein realitet?

Begrunnelse

Etter at styret i Ålfotbreen landskapsvernområde tok initiativ til det, gjekk først Miljødirektoratet og deretter Klima- og miljødepartementet i september 2021 vidare med prosessen der ein vil heve vernestatusen på området frå verneområde til nasjonalpark. No har også dei tre berørte kommunane Kinn, Bremanger og Gloppen stilt seg positiv til utgreiing.

Medan andre verneprosessar i Vestland kan vere meir krevjande, til dømes fordi område i dag ikkje er underlagt noko form for vern, så bør prosessen vere mykje lettare for Ålfotbreen landskapsvernområde:

- Området er i dag underlagt ei streng verneforskrift, og ligg tett opp til det vernet som ein nasjonalpark tradisjonelt sett gjev. Denne kan i stor grad vidareførast.
- Potensielle konflikter i området er små, og dei ein kan tenke seg er alle løyselege.
- Grensene ligg i stor grad fast, ein treng berre gjere små justeringar knytt til nokre inngrep t.d. knytt til vasskraftproduksjon, som blir lagt utanom området.

Statsforvaltaren i Vestland, som har fått oppdraget med verneprosessane i Vestland, har opplyst styret i Ålfotbreen landskapsvernområde at verneprosessen knytt til Ålfotbreen er prioritert sist av verneprosessane i Vestland. Samstundes er dette den prosessen som venteleg vil kunne gå raskast og mest knirkefritt, gjerast administrativt effektivt, og kanskje til og med bli ein realitet innan eitt år frå ein faktisk startar opp arbeidet hos statsforvaltaren. Styreleiar i Ålfotbreen landskapsvernområde er no uroa for at det kan ta mange år før nasjonalparken kan bli ein realitet.

Svar

Svaret er ennå ikke tilgjengelig