Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til finansministeren

Dokument nr. 15:1110 (2024-2025)
Innlevert: 05.02.2025
Sendt: 06.02.2025
Til behandling

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): I statsministerens innlegg i Stortinget 5/2 kom det fram at regjeringa får no av skal arbeide for auka konkurransekraft og produktivitet, styrka omstillingsevne, fleire lønsame investeringar og meir effektiv ressursbruk gjennom eit skatte- og avgiftssystem som fremmer verdiskaping.
Kva konkrete endringar i skatte- og avgiftssystemet meiner finansministeren er nødvendige for å nå Ap-regjeringa sine nye mål, jamfør at Ap/Sp-regjeringa i si nylig framlagde gründermelding slo fast at dagens skatte- og avgiftspolitikk ligg fast, og kan finansministeren opplyse kva endringar han vil prioritere?

Begrunnelse

Sidan regjeringsskiftet hausten 2021 har skatte- og avgiftspolitikken frå regjeringa - og deira faste budsjettpartner SV - vore prega av manglande føreseielegheit, drastiske endringar utan konsekvensutgreiingar og eit varig auka skatte- og avgiftsnivå på nesten 30 mrd. NOK der det alt vesentlege av auken er lagd på norsk næringsliv og norske eigarar.

Dette har ført til det motsette av det statsministeren hevdar at regjeringa no vil gjere. Verdiskapinga er fallande, investorar, kapital og kunnskap har flytta ut av landet, omstillingsevne og konkurransekraft er dalande. Utanlandske eigarar og investorar har betre skattevilkår i Noreg enn norske, m.a. gjennom den særnorske formuesskatten og den nye modellen for "exit-skatt". Regjeringa har i tillegg lagt fram ei såkalla «Gründermelding» (Meld. St. 6) utan konkrete tiltak. I tillegg blir det slått i meldinga fast at «skatte- og avgiftspolitikken ligg fast.»

Det er vanskeleg å forstå statsministeren annleis enn at også på næringslivs- og verdiskapingsområdet er Ap-regjeringas nye politikk eit oppgjer med den politikken Ap/Sp-regjeringa har ført så langt.

I samband med Stortingets behandling av Gründermeldinga til regjeringa og Venstres representantforslag «om faktisk å gjere Noreg til det beste landet i verda å starte og drive bedrift i» (Dokument 8:3 S (2024-2025) har Venstre foreslått ei heil rekke endringar i skatte- og avgiftssystemet som fremmer verdiskaping og lønnsame investeringar, mellom anna kutt i den særnorske formuesskatten.

Ap/Sp-regjeringa var konsekvent mot desse forslaga, men det er av stor interesse å vite om den nye Ap-regjeringa ut frå Statsministeren sine signal i Stortinget 5/2 har eit anna syn på våre forslag om skatte- og avgiftsendringar som fremmer verdiskaping og lønnsame investeringar eller om det er andre endringar i skatte- og avgiftssystemet regjeringa no vil foreslå for å nå desse måla.

Svar

Svaret er ennå ikke tilgjengelig