Alfred Jens Bjørlo (V): Kva rutiner har kommunal- og distriktsministeren etablert for å sikre at statlege stillingar med fleire alternative geografiske lokasjonar blir lyst ut på ein likeverdig og like lett søkbar måte for potensielle søkarar på alle aktuelle destinasjonar, og ikkje med t.d. berre lokasjon Oslo som betalt søk i utlysingar og søkemotorar på nettet slik Mattilsynet no gjer med juriststillingar som fram til no har vore lokalisert i Bergen?
Begrunnelse
Det ligg godt til rette for at langt fleire statlege stillingar enn i dag, også i nasjonale funksjonar, blir lyst ut med mulighet for lokalisering ved avdelingskontor i den aktuelle statlige etaten eller meir generelle statlige «kontorhubar» andre stader i landet. Dette er viktig både for å sikre spreiing av makt og å hindre for sterk sentralisering av statlege kompetansemiljø i Oslo – og for å auke tilfanget av kompetente søkarar.
Eit ferskt døme frå Mattilsynet, som etter omlegginga frå geografisk organisering til funksjonsorganisering i éin nasjonal organisasjon, lyser ut stillingar som jurist i eit fagmiljø som pr i dag har base i Bergen, med mulighet for lokalisering fleire stader i landet – men berre legg inn Oslo som «betalt søk» i Finn og tilsvarande søkemotorar på nettet.
Det betyr i praksis t d at ein jurist i Oslo som har lagt inn at hen ønsker varsel om ledige stillingar som passar med sin profil, vil få varsel om desse utlyste stillingane, mens ein jurist i Bergen (der stillingane er lokalisert i dag) eller andre stader i landet ikkje vil få tilsvarande varsel om utlysinga.
Det er interessant å vite i kva grad Kommunal- og distriktsministeren kjenner til kor utbredt denne praksisen med manglande reell sidestilling av lokasjonar i stillingar med fleire alternative geografiske plasseringar er i ulike statlege etatar – og om han meiner denne praksisen er i tråd med regjeringa sin lokaliseringspolitikk for statlege stillingar.