Skriftlig spørsmål fra Erling Sande (Sp) til finansministeren

Dokument nr. 15:1256 (2024-2025)
Innlevert: 14.02.2025
Sendt: 17.02.2025
Besvart: 24.02.2025 av finansminister Jens Stoltenberg

Erling Sande (Sp)

Spørsmål

Erling Sande (Sp): Kan finansministeren stadfeste eller avkrefte at det norske eigenkapitalprovet etter hans vurdering oppfyller krava til CET1-kapital og kvifor vurderinga hans ev. samsvarer eller ikkje samsvarer med vurderinga til professor Andrea Resti?

Begrunnelse

Professor Andrea Resti er professor i bank og finans ved Bocconi University i Milano og fungerer som politisk rådgjevar for banktilsyn i Europaparlamentet. Han meiner at norske eigenkapitalbevis allereie oppfyller krava til CET1-kapital, og viser indirekte til proporsjonalitetsprinsippet i si vurdering. Vurderinga hans går fram i rapporten "Opinion on Norwegian Equity Certificates (“Egenkapitalbevis”) and their Eligibility as CET1 Capital" som vart publisert 1. februar 2025. Eg gjer rekning med at departementet har sett seg inn i rapporten og sjølvstendig kan vurdere om eigenkapitalprovet oppfyller CET1-krava.

Jens Stoltenberg (A)

Svar

Jens Stoltenberg: Sparebankutvalet vart oppnemnt i 2023 for å vurdere kapitalstrukturen i sparebankane, og utgreiinga deira (NOU 2024: 22 Norske sparebanker – tradisjon og tilpasning) vart overlevert til Finansdepartementet 18. november 2024. I utgreiinga føreslår sparebankutvalet fleire endringar i reguleringa av sparebankar og sparebankstiftingar, og utvalet gjer ei vurdering av om eigenkapitalbeviset oppfyller krava til såkalla rein kjernekapital i det europeiske kapitalkravsregelverket.
NOU 2024: 22 var på høyring til 3. februar 2025, og det har kome inn mange høyringsinnspel med ulike merknader til utvalet sitt framlegg. I eit av høyringssvara viste somme bankar (Sparebanken Vest, Sparebank 1 Østlandet, Sparebanken Sør, Rogaland Sparebank og Jæren Sparebank) til at dei hadde innhenta rapporten som representanten viser til. Finansdepartementet vurderer no korleis framlegga i NOU 2024: 22 bør følgjast opp, og som eit ledd i det vurderast alle høyringsinnspela som har kome inn.
Eg viser òg til mitt svar på skriftleg spørsmål nr. 1255 om kven som avgjer kva som er å rekne som rein kjernekapital.