Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til utviklingsministeren

Dokument nr. 15:1398 (2024-2025)
Innlevert: 26.02.2025
Sendt: 26.02.2025
Besvart: 05.03.2025 av utviklingsminister Åsmund Aukrust

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Blyforureining fører til over 5 millionar dødsfall i verda kvart år. Noreg var ein av grunnleggarane av partnerskapet for ei blyfri framtid (Partnership for a Lead-free Future) i 2024, men har så langt ikkje følgd opp med finansielle bidrag eller andre tiltak.
Korleis vil regjeringa følge opp at Noreg er medgrunnleggar av Partnership for a Lead-free Future, mellom anna gjennom finansielle bidrag og Rotterdam-konvensjonen?

Begrunnelse

WHO understreker at det ikke finnes noen trygg grense for blyeksponering. Blyforgiftning har dype og skadelige konsekvenser for barns utvikling og helse, og fører til dårligere utdanningsresultater, for tidlig død og redusert økonomisk utvikling. En analyse fra Verdensbanken viser at helseeffektene av blyeksponering fører til betydelige årlige tap for verdensøkonomien, noe som resulterer i et produktivitetstap på minst 1,4 billioner amerikanske dollar i global BNP. Verdensbanken estimerer også at blyeksponering forårsaker 5,5 millioner dødsfall hvert år.
Med bakgrunn i de omfattende helseskadene og de store samfunnsøkonomiske kostnadene ved blyforgiftning, er det viktig å vite hvilke konkrete planer statsråden har for å sikre at Norge bidrar både økonomisk og politisk til partnerskapet.
Jeg ber også om statsrådens vurdering av muligheten for å foreslå å inkludere blykromat under Rotterdam-konvensjonen. Sistnevnte er en mulighet til å få inkludert blykromat (malingpigmentet) i konvensjonen som regulerer internasjonal handel med farlige kjemikalier. Bly i maling er nemlig fortsatt et problem i mange mindre utviklede land. Det har negativ påvirkning på millioner av liv.

Åsmund Aukrust (A)

Svar

Åsmund Aukrust: Noreg slutta seg til partnerskapet for ei blyfri framtid fordi det er viktig med auka merksemd om dei alvorlege konsekvensane av blyforureining, særleg for sårbare grupper som barn. Norsk tilslutning inneber ikkje ei forplikting til auka finansielle bidrag til prosjekt som er retta spesifikt mot bly. Arbeid mot blyeksponering og -forureining er likevel ein integrert del av fleire avtalar Noreg har med relevante organisasjonar, som Verdas helseorganisasjon (WHO), FNs miljøprogram, FNs barnefond og Den globale miljøfasiliteten (GEF). Det er ikkje sett av midlar til spesifikke bly-initiativ i 2024, og dette er heller ikkje planlagt for 2025. Det er norsk politikk å unngå stor grad av øyremerking i støtte til multilaterale organisasjonar, og det er noko av bakgrunnen for at vi ikkje har auka øyremerking til spesifikke prosjekt på bly.
Noreg støttar at Verdas helseorganisasjon skal ha ei rolle i partnerskapet, gjennom ein forankring i det breiare arbeidet mot helseskadelege kjemikaliar. For perioden 2024 –2025 auka Noreg den frivillige tematiske støtta til WHO som går til miljø og luftforureining frå 9 til 15 mill. NOK per år. Noreg gav i 2024 også støtte til FNs barnefond gjennom svakt øyremerkt tematisk utdanningsstøtte til Mali og Malawi, der FNs barnefond i Mali mellom anna skal sjå på moglegheita for målretta bly-relaterte intervensjonar. I tillegg blir FNs barnefond støtta gjennom fleire avtalar. Dei arbeider generelt med barns utvikling og læring, inkludert blyforgifting.
Ei inkludering av blykromat i Rotterdamkonvensjonen vil føre til krav om førehandsinformert samtykke (PIC) til import/eksport, men ikkje vere ei regulering av bruk eller internasjonal handel. Prosedyren for å liste eit stoff under Rotterdamkonvensjonen startar med innsending av ei notifisering når eit stoff blir forbode eller strengt regulert. Dette inkluderer detaljert informasjon om reguleringa og årsakene til den. For at notifiseringa skal bli vurdert av ekspertkomiteen til Rotterdamkonvensjonen, krevst det varsel frå minst to forskjellige geografiske FN-regionar. Dersom ekspertkomiteen konkluderer med at notifiseringane oppfyller kriteria, blir stoffet anbefalt for listing. Det er partsmøtet som tek den endelege avgjerda om ein kjemikalie skal listast under konvensjonen. Heile prosessen tek minst 3 år.
For blykromat (i måling), er det allereie to notifiseringar frå den afrikanske regionen som tek for seg tre ulike variantar av blykromat. Notifiseringane vil bli vurdert av ekspertkomiteen når det kjem ei notifisering om same stoffgruppe frå ein annan region. I EU og Noreg er desse tre blykromata underlagde såkalla «krav om autorisasjon» under det breie kjemikalieregelverket REACH, og vi regulerer også andre blyforbindelsar. Likevel er det nokre utfordringar med å sende inn ei notifisering av gjeldande regelverk sidan det teknisk sett under Rotterdamkonvensjonen ikkje skal brukast helse- og miljødata som kjem etter at den nasjonale reguleringa trer i kraft. I Noreg og EU går reguleringsarbeidet med blyforbindelsar langt tilbake, og det kan vere utfordrande å finne spesifikke nasjonale data som kan nyttast. Eg ser det difor som meir hensiktsmessig at eit land med nyare regulering av blykromat sender inn ei notifisering. Dei kan då ha nyare nasjonale data som er brukte for helse- og miljøvurdering, og dette er viktig for at notifiseringa skal oppfylle kriteria.
Under det globale kjemikalierammeverket har land i ei rekkje år samarbeidd om å fase ut bly i måling, og arbeidet har gitt gode resultat.