Alfred Jens Bjørlo (V): Tilgang på kompetanse og kvalifisert arbeidskraft er ein av dei mest kritiske faktorane for norsk konkurransekraft.
Korleis følger statsråden opp vedtaket gjort av Stortinget tidligare i år om snarast mulig å få ned saksbehandlingstida for høgkompetent arbeidskraft frå tredjeland betydeleg, og vil statsråden vurdere å etablere eit hurtigspor for arbeidsinnvandrarar med fagutdanning tilsvarande dansk praksis gjennom SIRI (Styrelsen for International Rekruttering og Integration) med formål om å styrke norsk konkurransekraft?
Begrunnelse
I møte med aktørar i næringslivet, har spørsmålsstillar fått tilbakemeldingar på at aktørar som bistår bedrifter med å skaffe faglært arbeidskraft, så og seie har slutta å rekruttere faglært personell frå land utanfor EU/EØS, fordi UDI sine rutiner for sakshandsaming og svært lange sakshandsamingstid gjer det altfor uføreseieleg for norske bedrifter, og økonomisk risikabelt for jobbsøkarar å investere i ein visumsøknad.
Ventetida er ofte på meir enn eitt år, og det er høg risiko for negative vedtak trass i at næringslivet er avhengig av kompetansen og det er vanskelig eller umulig å oppdrive tilsvarande kompetanse i Noreg eller EU/EØS. Dette gjer også at fagarbeidarar som sveisarar, elektrikarar, industri- og bilmekanikarar og teknikarar heller veljer å reise til andre land, fordi kompetansen deira er ettertrakta og etterspurt i Europa og verda for øvrig. Det rammar kanskje spesielt bedrifter i Distrikts-Norge, som ofte har størst utfordringar med å tiltrekke seg kompetanse som er knapp og vanskeleg tilgjengeleg.
Noreg skil seg på dette området vesentlig i både praksis, ventetider og regelverk frå Danmark og andre av våre naboland, der ein har oppretta «hurtigspor» for arbeidsinnvandring for fagarbeidarar som det er mangel på i eige land, og generelt sørger for ei smidig og rask sakshandsaming.
Spørsmålsstillar vil samtidig be om ein status for oppfølginga av vedtak i Stortinget i samband med behandling av Dokument 8:3 S (2024–2025) der Stortinget ba regjeringa snarast mulig kome med forslag som får ned saksbehandlingstida for arbeidstillatelsar for høgkompetent arbeidskraft frå tredjeland betydeleg, og synte til Oslo kommune sitt pilotprosjekt Kompetansespor som ein mulig modell.