Alfred Jens Bjørlo (V): Vil statsråden sørge for ei snarleg avgjerd i klagesaka på Miljødirektoratet si vraking av Kvåsfossen i Agder som eitt av fire autoriserte Besøkssenter for Villaks i Noreg, og vil statsråden sørge for at utpeikinga av kva som skal vere det autoriserte besøkssenteret på Sørlandet skjer på eit objektivt og rettferdig grunnlag ut frå kriteria som er sette og den dokumentasjonen som er sendt inn frå Kvåsfossen i klagesaka?
Begrunnelse
Nasjonalt Villakssenter Kvåsfossen i Agder er eitt av fire nasjonale villakssenter etablert etter vedtak i Stortinget i 2018, med Stiftelsen Nasjonalt villakssenter som nasjonal overbygging. Kvåsfossen er i dag det best besøkte formidlingssenteret for villaks i Norge med ca. 10 000 årlige besøkande og svært høg faglig kvalitet. Det er investert til saman godt over 30 millioner i anlegget, som blir drive i privat regi.
I den nyleg gjennomførte prosessen med autorisering av inntil fire Besøkssenter for Villaks i Noreg, valde Miljødirektoratet eit anna villakssenter i Agder som er langt mindre utbygd enn Kvåsfossen, har langt lågare besøkstal, mindre personalressursar og fagkompetanse og som i lange periodar har vore stengt.
Avgjerda om å vrake Kvåsfossen er no anka inn til Klima- og miljødepartementet, med støtte frå mellom anna Agder fylkeskommune og Statsforvaltaren i Agder.
Kvåsfossen Villakssenter står no i ein svært vanskeleg situasjon, og det er viktig å få rydda opp i denne saka raskast råd.
Undertegna og Venstre håper det kjem ei snarleg avgjerd i klagesaka frå departementet, der ein vurderer dei aktuelle villakssentera på ein objektiv og rettferdig måte ut frå dei kriteria som er sett for å bli autorisert som besøkssenter for villaks.