-
Dokument nr. 15:1085 (2024-2025)
Innlevert: 04.02.2025
Sendt: 04.02.2025
Besvart: 11.02.2025 av landbruks- og matminister Nils Kristen Sandtrøen
Vil statsråden sørgje for at kartgrunnlaget for Filefjell tamreinlag sitt konsesjonsområde for tamrein stemmer overeins med dei konsesjonar som er gjevne, og avslegne, og rette opp i dette slik at ein får eit omforeint kartgrunnlag som opprettheld eit naudsynt skilje mellom kvar det skal vere tamrein og kvar det skal vere villrein?
-
Dokument nr. 15:1049 (2024-2025)
Innlevert: 02.02.2025
Sendt: 03.02.2025
Besvart: 10.02.2025 av arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna
Kva har regjeringa gjort etter 2023 for å styrke og oppskalere tilbodet om systematisert og fleksibel norskopplæring til vaksne innvandrarar som ikkje har rett på gratis norskopplæring, slik at dei lettare kan delta i arbeidslivet og det norske samfunnet elles, i tråd med tilrådingane i rapporten som evaluerte den nye Norskopplæringsordninga retta mot denne målgruppa som var ei svært vellukka prøveordning i åra 2021-2023?
-
Dokument nr. 15:1046 (2024-2025)
Innlevert: 02.02.2025
Sendt: 03.02.2025
Besvart: 06.02.2025 av klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen
Omtrent halvparten av alle brukte kle havnar i søpla. Den 1. januar 2025 innførte Noreg dei nye EU-reglane for innsamling av kle og tekstil. Alle kommuner må frå no av må sørge for at folk kan levere inn brukte kle/tekstil som ein eigen avfallsfraksjon og at dei blir klargjort for ombruk eller gjenvinning.
I kor mange kommunar er ordningar for innsamling, ombruk og gjenvinning av kle på plass, og kva vil regjeringa gjere for å sikre at alle i Noreg kan gjere dette i tråd med lova og vi kan spare miljøet for store mengder avfall?
-
Dokument nr. 15:1018 (2024-2025)
Innlevert: 31.01.2025
Sendt: 31.01.2025
Besvart: 11.02.2025 av landbruks- og matminister Geir Pollestad
I totalkalkylen for jordbruket vert det nytta saldoavskriving og ikkje lineære avskrivingar. Det medfører lange avskrivingstider, og det skil seg frå metodikken ein nyttar i driftsgranskingane.
Kan statsråden svare på korleis ei endring til lineære avskrivingar i totalkalkylen vil slå ut i talgrunnlaget?
-
Dokument nr. 15:1017 (2024-2025)
Innlevert: 31.01.2025
Sendt: 31.01.2025
Besvart: 07.02.2025 av klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen
Eg syner til at jervebestanden ligg langt over bestandsmålet, og at lisensjakt har begrensa med effekt for å komme ned på målet.
Har statsråden ein plan for å komme ned på bestandsmålet slik at me unngår store tapstal i kommande beitesesong?
-
Dokument nr. 15:979 (2024-2025)
Innlevert: 26.01.2025
Sendt: 27.01.2025
Besvart: 03.02.2025 av helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre
Korleis vil statsråden sikre den faglege kvaliteten i den varsla «prioriteringa av breddekompetanse» i fagfeltet palliasjon utan først å sikre at kompetanseområdet palliasjon med tilhøyrande sertifisering blir vidareført, og kvifor stiller statsråden opp ei motsetjing mellom breddekompetanse og spesialisert kompetanse på fagfeltet når det ikkje er tvil om at begge deler er nødvendig, og den spesialiserte kompetansen er nødvendig for å kunne gi fleire breddekompetanse?
-
Dokument nr. 15:978 (2024-2025)
Innlevert: 26.01.2025
Sendt: 27.01.2025
Besvart: 03.02.2025 av utenriksminister Espen Barth Eide
Regjeringa vurderer for tida å ta tre direktiv på energiområdet inn i EØS-avtalen, og det er offentleg kjent at det eine regjeringspartiet, Senterpartiet, er kritisk til dette.
Kor mange EU-direktiv har Senterpartiet vore med å implementere i Noreg under dagens regjering, kan Stortinget få oversendt ei samla liste over desse, og er det nokre av desse direktiva som etter utanriksministeren si vurdering har større praktiske og prinsipielle følgjer for Noreg enn dei tre energidirektiva som no ligg på bordet?
-
Dokument nr. 15:907 (2024-2025)
Innlevert: 19.01.2025
Sendt: 20.01.2025
Besvart: 28.01.2025 av næringsminister Cecilie Myrseth
Statsministeren, næringsministeren, finansministeren og andre medlemmer av regjeringa har ved gjentatte høve framheva at det for tida er rekordmange bedriftsetableringar i Noreg.
Dersom vi ser bort frå enkeltmannsforetak og AS utan tilsette, kor mange gründerar har etablert AS med minst 1 tilsett i 2023 og 2024, og kva er dei samanliknbare tala for slike etableringar frå 2010 fram til i dag?
-
Dokument nr. 15:903 (2024-2025)
Innlevert: 18.01.2025
Sendt: 20.01.2025
Besvart: 27.01.2025 av klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen
Dei siste vekene er det funne søppel i form av feltrasjonar og plastemballasje av amerikansk opphav på strender langs heile kysten frå svenskegrensa til Sunnmøre.
Vil klima- og miljøministeren engasjere seg for å finne ut kvar dette søppelet kjem frå, og sørge for å gi tydeleg beskjed til amerikanske styresmakter om at denne type forsøpling av norske strender ikkje må skje igjen?
-
Dokument nr. 15:777 (2024-2025)
Innlevert: 06.01.2025
Sendt: 07.01.2025
Rette vedkommende: Utenriksministeren
Besvart: 14.01.2025 av utenriksminister Espen Barth Eide
Meiner statsministeren det er ein akseptabel praksis at offentlege innkjøparar i Noreg i motsetnad til offentlege innkjøparar i EU-landa kjøper inn stålprodukt frå land som ikkje sanksjonerer frå Russland, eller er statsministeren enig med professoren i europeisk sikkerheitspolitikk ved Forsvarets høgskule som meiner at denne praksisen er med å smøre den russiske krigsmaskina, og vil statsministeren i så tilfelle sørge for at Noreg følgjer EU og sluttar med dette?
-
Dokument nr. 15:769 (2024-2025)
Innlevert: 05.01.2025
Sendt: 06.01.2025
Besvart: 13.01.2025 av kommunal- og distriktsminister Erling Sande
NRK har avdekka at i dei 100 største naturinngrepa i Noreg siste 5 år, er det i 91 av sakene ikkje gjort undersøkingar i felt etter trua artar, i 81 av sakene ikkje forsøkt å finne alternative stader å bygge, og i 23 av sakene er ikkje natur ein gong omtalt i saksutgreiinga før områda vart sett av til bygging.
Meiner kommunalministeren dette er innanfor lovverket, og i tilfelle ikkje, kor alvorleg meiner kommunalministeren denne praksisen som fører til nedbygging av natur i enormt omfang er og korleis vil han få slutt på det?
-
Dokument nr. 15:768 (2024-2025)
Innlevert: 05.01.2025
Sendt: 06.01.2025
Besvart: 15.01.2025 av digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne O. Tung
EU si nye forordning om kunstig intelligens (AI Act) skal sikre at KI-teknologi blir utvikla og brukt på ein måte som er trygg og i tråd med folk sine grunnleggande rettar. Som følgje av AI Act, blir KI-system som utgjer ein uakseptabel risiko og/eller blir vurdert som uakseptabelt inngripande eller diskriminerande, forbode i EU frå og med 2. februar 2025.
Vil tilsvarande forbod bli iverksett også i Noreg frå same dato, slik at norske borgarar får same vern mot uakseptabel bruk av KI-teknologi som borgarar i EU-land?
-
Dokument nr. 15:750 (2024-2025)
Innlevert: 29.12.2024
Sendt: 02.01.2025
Besvart: 10.01.2025 av landbruks- og matminister Geir Pollestad
Kva meiner landbruksministeren kan gjerast for at nyutvikla norsk landbruksteknologi (agritech) for å gjere matproduksjon meir berekraftig, forbetre jordhelse og kutte klimautslepp i større grad kan bli tatt i bruk i norsk landbruk, i staden for å fokusere så sterkt som i dag på å kjøpe inn eit patentert metanhemmende fôrtilsetjingsstoff (Bovaer) frå eit nederlandsk kjemikaliekonsern for å kutte klimautslepp frå norsk landbruk?
-
Dokument nr. 15:749 (2024-2025)
Innlevert: 27.12.2024
Sendt: 02.01.2025
Besvart: 09.01.2025 av næringsminister Cecilie Myrseth
Er næringsministeren tilfreds med korleis Innovasjon Norge sitt styre har handtert avsløringa av at Innovasjon Norge oppretta ei spesialrådgivarstilling med lukrative løns- og arbeidsvilkår for ein tidlegare Ap-topp etter lokalvalet i 2023 etter at vedkommande i forkant av lokalvalet dreiv valkamp for Ap i fire månader med full løn frå staten og uriktig opplyste utad at ho hadde permisjon frå Innovasjon Norge, og kva eigardialog har statsråden hatt med styret om internkontrollrutiner i kjølvatnet av denne avsløringa?
-
Dokument nr. 15:737 (2024-2025)
Innlevert: 20.12.2024
Sendt: 20.12.2024
Besvart: 06.01.2025 av fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss
Kan fiskeri- og havministeren garantere at den varsla Havbruksmeldinga vil bli lagt fram for Stortinget i tide til å bli handsama og vedtatt før dagens Storting har sitt siste møte i juni 2025, og vi unngår ytterligare forseinkingar i heilt nødvendige avklaringar om dei framtidige rammevilkåra for norsk havbruksnæring, avklaringar som allereie er langt på overtid og er heilt nødvendige både for konkurransekrafta til norsk havbruksnæring og leverandørnæring, og for betre miljøtilstand og redusert fiskedødelegheit i næringa?
-
Dokument nr. 15:699 (2024-2025)
Innlevert: 18.12.2024
Sendt: 18.12.2024
Besvart: 23.12.2024 av helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre
Frå 1. januar 2025 får privatfinansierte helse- og omsorgstenester plikt til å rapportere data til Norsk pasientregister (NPR) og Kommunalt pasient- og brukerregister (KPR).
Er dette ambisiøse vedtaket finansiert, og kan statsråden garantere at rapporteringa frå mellom anna kiropraktorane vil kome i gang frå 1. januar, slik det blir kontinuitet i tilgangen til registerdata innan muskelskjeletthelse og på andre viktige område for folkehelsa?
-
Dokument nr. 15:646 (2024-2025)
Innlevert: 13.12.2024
Sendt: 13.12.2024
Besvart: 20.12.2024 av næringsminister Cecilie Myrseth
Nettavisen har nylig avslørt at Innovasjon Norge har oppretta ei spesialrådgivarstilling med lukrative løns- og arbeidsvilkår for ein tidlegare Ap-topp etter lokalvalet i 2023. Vedkomande dreiv valkamp for Ap i fire månader med full løn frå Innovasjon Norge og opplyste utad at ho hadde permisjon frå Innovasjon Norge – noko ho ikkje hadde.
Kva vil næringsministeren gjere for å rydde opp i saka, og er statsråden enig i at denne saka forsterkar inntrykket av at Ap er på ein annan planet enn grunnplanet i norsk næringsliv?
-
Dokument nr. 15:632 (2024-2025)
Innlevert: 11.12.2024
Sendt: 11.12.2024
Besvart: 18.12.2024 av fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss
Denne veka vart det kjent at selskapet Bremnes Seashore på Bømlo i Vestland legg ned produksjonen av høgkvalitets Salma-laks. Statssekretæren i Fiskeridepartementet seier i samband med dette at regjeringa er opptatt av å «..tilrettelegge for økt bearbeiding i Norge».
Kva konkrete tiltak har regjeringa sett i verk for å tilrettelegge for økt bearbeiding av laks og ørret i Norge etter at regjeringa våren 2023 fekk pålegg frå Stortinget om å legge fram slike tiltak i løpet av våren 2024?
-
Dokument nr. 15:610 (2024-2025)
Innlevert: 08.12.2024
Sendt: 09.12.2024
Besvart: 16.12.2024 av næringsminister Cecilie Myrseth
Regjeringa har lovd å redusere næringslivet sine kostnader knytt til reglar og offentleg skjemavelde med 11 mrd. kr innan 2025. Næringsministeren stadfesta i spørjetimen 4/12 at målet står fast sjølv om det så langt berre er gjennomført forenklingar for 3,4 mrd. kr (Statsbudsjettet for 2025). I skrivande stund er det 24 dagar igjen til 2025.
Kva konkrete planer har regjeringa om forenklingstiltak som vil utløyse gevinstar for næringslivet på ytterlegare 7,6 mrd. NOK løpet av dei neste 24 dagane, eller 317 mill. kr pr. dag?
-
Dokument nr. 15:551 (2024-2025)
Innlevert: 02.12.2024
Sendt: 02.12.2024
Besvart: 09.12.2024 av forsknings- og høyere utdanningsminister Oddmund Hoel
Regjeringens forslag til statsbudsjett for 2025 vil føre til svakere økonomi for norske universiteter og høyskoler, med kutt i studietilbud og nedlegging av studieprogram ved mange institusjoner.
Har statsråden initiert en dialog med studiestedene for å sørge for en samlet oversikt over hvilke studietilbud/studieprogram som er planlagt lagt ned, slik at man ikke risikerer for eksempel at samme studieprogram legges ned alle steder og man nasjonalt mister et fagområde med tilhørende fagmiljø?