Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til landbruks- og matministeren

Dokument nr. 15:750 (2024-2025)
Innlevert: 29.12.2024
Sendt: 02.01.2025
Til behandling

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Kva meiner Landbruksministeren kan gjerast for at nyutvikla norsk landbruksteknologi (agritech )for å gjere matproduksjon meir berekraftig, forbetre jordhelse og kutte klimautslepp i større grad kan bli tatt i bruk i norsk landbruk, i staden for å fokusere så sterkt som i dag på å kjøpe inn eit patentert metanhemmende fôrtilsetjingsstoff (Bovaer) frå eit nederlandsk kjemikaliekonsern for å kutte klimautslepp frå norsk landbruk?

Begrunnelse

I eit debattinnlegg i Dagens Næringsliv 27/12, kjem det fram at mange nystarta norske teknologiselskap som har utvikla løysingar for meir berekraftig og miljøvenleg landbruk, til dels med betydeleg pengestøtte frå det offentlee virkemiddelapparatet, opplever at det er svært vanskeleg å få løysingane ut i norsk landbruk etter at dei er ferdig utvikla. Dei nye norske agritech-bedriftene søker seg difor meir og meir mot marknader i utlandet, mellom anna på grunn av at EU stiller harde krav til auka berekraft i europeisk matproduksjon.
Det er sjølvsagt mange positive sider ved at norskutvikla teknologi finn ein marknad og blir «rulla ut» internasjonalt – men samtidig er det viktig for framtida til norsk landbruk at desse norskutvikla nye teknologiløysingane i så stor grad som mulig blir tatt i bruk også i Noreg, i staden for at arbeidet i norsk landbruk med å kutte klimautslepp på trass av åtvaringar frå Miljødirektoratet så sterkt blir fokusert på å kjøpe inn ferdig patenterte utanlandske kjemikalie som ikkje er utvikla spesielt tilpassa norske rammevilkår for landbruk frå naturen si side og våre klimatiske tilhøve.

Svar

Svaret er ennå ikke tilgjengelig