Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:737 (2024-2025) Innlevert: 20.12.2024 Sendt: 20.12.2024 Besvart: 06.01.2025 av fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss
Alfred Jens Bjørlo (V): Kan fiskeri- og havministeren garantere at den varsla Havbruksmeldinga vil bli lagt fram for Stortinget i tide til å bli handsama og vedtatt før dagens Storting har sitt siste møte i juni 2025, og vi unngår ytterligare forseinkingar i heilt nødvendige avklaringar om dei framtidige rammevilkåra for norsk havbruksnæring, avklaringar som allereie er langt på overtid og er heilt nødvendige både for konkurransekrafta til norsk havbruksnæring og leverandørnæring, og for betre miljøtilstand og redusert fiskedødelegheit i næringa?
Marianne Sivertsen Næss: Målet for arbeidet med den kommande meldinga til Stortinget er å gjere ein heilskapleg gjennomgang av systemet for løyve i havbruksnæringa, og å presentere eit system som legg til rette for vidare verdiskaping. På den måten kan vi, som representanten Bjørlo skriv, leggje til rette for næringa, leverandørane, betre miljøtilstand og auka overleving i produksjonen. Eg tek sikte på å leggje fram meldinga til våren.