Svar
Marianne Sivertsen Næss: Sjømatindustrien er ei viktig distriktsnæring som medverkar til arbeidsplassar langs heile kysten. Det er ein industri kjenneteikna av store variasjonar i størrelse på verksemder, struktur, eigarskap og bruk av råstoff. For å vere konkurransedyktig i ein global råvaremarknad, må sjømatindustrien vere fleksibel i innretninga av si verksemd.
Denne fleksibiliteten er eit viktig konkurransefortrinn for dei verksemdene som lykkast over tid. Det er leit at Salma, som har vore ei velkjend merkevare for høg kvalitet, ikkje blir vidareført, men kva slags produksjon eller produkt ei verksemd satsar på, eller ikkje, er – og bør vere – ei avgjerd for kvar enkelt verksemd. Eg har tru på at Bremnes Seashore vil vera rusta til å tilpasse sin produksjon av laks og lakseprodukt til det marknaden etterspør, i ei tid med høge matvareprisar nasjonalt og globalt.
Representanten etterlyser svar på kva konkrete tiltak regjeringa har sett i verk for å leggje til rette for auka tilverking av laks og aure i Norge. Eg peikar på oppmodningsvedtak nr. 716-6 av 31. mai 2023.
I Meld. St. 4 (2023–2024) Anmodnings- og utredningsvedtak i stortingssesjonen 2022–2023 og Prop. 1 S (2023–2024) under Finansdepartement skriv regjeringa følgjande:
Tiltak for auka tilverking av sjømat i Noreg vert følgt opp gjennom fleire ulike prosessar, mellom anna oppfølging av rapporten frå Tveiteråsutvalet frå 2022. Utvalet har beskrive 32 ulike tiltak som kan bidra til auka tilverking og tilarbeiding av sjømat i Noreg, og styrkje konkurransekrafta til norsk sjømatindustri. Forslaga frå utvalet er knytta til ressursforvaltning og kvotesystem, førstehandomsetning og salslag, teknologi og innovasjon, marknadsføring og marknadstilgang og arbeidsliv, utdanning og kystsamfunn.
Forslaga som gjeld kvotesystemet vert følgt opp gjennom det pågåande arbeidet med Kvotemeldinga. Andre forslag til tiltak vert vurdert og følgt opp enkeltvis. Tiltak som allereie er sett i verk er utviding av Sjømatrådet si generiske marknadsføring mot nye produkt, slik at tang og tare vert inkludert. Vidare har Nærings- og fiskeridepartementet gjeve Nofima i oppdrag å evaluere Ferskfiskordninga.
Etter at rapporteringa på vedtak nr. 716-6 vart avslutta har Stortinget ferdigbehandla Meld. St. 7 (2023-2024) Folk, fisk og fellesskap - en kvotemelding for forutsigbarhet og rettferdig fordeling, jf. Innst. 264 S (2023-2024). I meldinga vart fleire tiltak for sjømatindustrien lagt fram av regjeringa, og desse vart vurdert og behandla i Stortinget. Nærings- og fiskeridepartementet (NFD) er i gang med å følgja tiltaka og vedtaka opp. Mange av tiltaka er knytt til villfisknæringa og førstehandsomsetninga av fisk. Det er ikkje unaturleg med tanke på kvotesituasjonen for fleire av dei viktigaste kommersielle fiskeslaga og den nedgåande trenden for tilverking av kvitfisk. Departementet arbeider mellom anna med ein etterkontroll av fiskesalslagslova og skal ha fleire møte med salslag og næring i tida framover. Eg har òg arrangert dialogmøte om ferskfiskordninga under Nor-Fishing og motteke både munnlege og skriftlege innspel om denne ordninga og om sjømatindustrien generelt. Endringar av ferskfiskordninga for å sikre at artane som inngår i ordninga går til humant konsum, er følgde opp i reguleringsmøtet i haust, og departementet har byrja med å vurdere andre endringar av ordninga for å gjera ho betre tilpassa industrien.
Representanten er oppteken av tilverkinga av laks og ørret. For denne delen av sjømatindustrien er det særleg tiltaket i kvotemeldinga om å gjera ei ekstern vurdering av integreringa i sjømatnæringa og korleis dette påverkar kor mykje som blir tilverka som er relevant. Dette oppdraget vil snart gå ut og vil gje oss oppdatert kunnskap om orsak og verknad i verdikjeda for sjømat som må på plass før me eventuelt gjer større endringar av sjømatindustrien sine rammevilkår. Eg håpar representanten òg vil vere glad for å høyre at tilverkingsgraden av laks har hatt ein positiv trend dei siste ti åra. I 2020 vart det eksportert 30 prosent meir tilverka laks og aure enn tilverka kvitfisk i produktvekt. I 2023 var dette talet auka til 61 prosent. I september 2024 var det 36 større bedrifter som fileterer laks, og talet på bedrifter har auka med fem sidan januar 2023. I tillegg er det ei rekkje bedrifter som driv med småskala tilverking, mellom anna av filet og av røykelaks.
Men me ønskjer enda meir tilverking. Derfor arbeider me mellom anna med marknadstilgangen, som er svært sentral for norske sjømatprodusentar. Noreg har offensive interesser i handelen med sjømat, og regjeringa er oppteken av å sikra best mogleg tilgang i viktige marknader. Eit døme på dette er den siste avtalen om marknadstilgang for sjømat i EU, forhandla fram parallelt med EØS-midlane. Her vart det mellom anna semje om tollfrie importkvotar for tilverka og røykt laks. Eit anna døme er handelsavtalearbeidet gjennom EFTA, der tilverka sjømatprodukt er prioritert. I mars underteikna me ein avtale med India, som medfører at tollsatsen for filet av laks vil gå frå 33 prosent til nulltoll fem år etter iverksetjinga til avtalen.
Me arbeider nå langs fleire spor, og eg er særleg oppteken av at me òg ser på og vurderer tiltak i heile verdikjeda for fisk. Her vil òg oppdretta fisk, som laks og aure, inngå.