Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:610 (2024-2025) Innlevert: 08.12.2024 Sendt: 09.12.2024 Besvart: 16.12.2024 av næringsminister Cecilie Myrseth
Alfred Jens Bjørlo (V): Regjeringa har lovd å redusere næringslivet sine kostnader knytt til reglar og offentleg skjemavelde med 11 mrd. kr innan 2025. Næringsministeren stadfesta i spørjetimen 4/12 at målet står fast sjølv om det så langt berre er gjennomført forenklingar for 3,4 mrd. kr (Statsbudsjettet for 2025). I skrivande stund er det 24 dagar igjen til 2025. Kva konkrete planer har regjeringa om forenklingstiltak som vil utløyse gevinstar for næringslivet på ytterlegare 7,6 mrd. NOK løpet av dei neste 24 dagane, eller 317 mill. kr pr. dag?
Cecilie Myrseth: I Hurdalsplattforma har regjeringa satt eit ambisiøst mål om at forenklingar skal spare næringslivet for 11 milliardar kroner innan 2025. Ordet innan kan i tidsuttrykk bety før, men det kan òg bety i løpet av. Regjeringa legg til grunn sist nemnde tolking, og arbeider mot å nå målet i løpet av 2025. I tillegg er det fast praksis at forenklingsmåla for næringslivet følgjer stortingsperiodane.Forenklingsrekneskapen, det vil seie kva tiltak som inngår og estimat på desse, blir oppdatert etter kvart som grunnlaget blir betre. Vi har til no identifisert forenklingar for næringslivet til ein verdi av om lag 3,4 milliardar kroner. Fleire tiltak er i prosess, og gevinsttalet vil bli oppdatert og formidla over nyttår.Vidare arbeider vi med å vurdere nye tiltak, mellom anna frå byggenæringa og frå ulike offentleg-private samarbeid. Regjeringa vurderer òg tiltak som kan gi auka bruk av elektronisk handelsformat (EHF) mellom private, noko som på sikt vil kunne gje store forenklingsgevinstar i privat sektor.Forenklingsmålet er krevjande å nå. Målet til regjeringa ligg likevel fast, og vi held trykket oppe for å oppnå små og store forenklingar for næringslivet.