Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til helse- og omsorgsministeren

Dokument nr. 15:979 (2024-2025)
Innlevert: 26.01.2025
Sendt: 27.01.2025
Besvart: 03.02.2025 av helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Korleis vil statsråden sikre den faglege kvaliteten i den varsla «prioriteringa av breddekompetanse» i fagfeltet palliasjon utan først å sikre at kompetanseområdet palliasjon med tilhøyrande sertifisering blir vidareført, og kvifor stiller statsråden opp ei motsetjing mellom breddekompetanse og spesialisert kompetanse på fagfeltet når det ikkje er tvil om at begge deler er nødvendig, og den spesialiserte kompetansen er nødvendig for å kunne gi fleire breddekompetanse?

Begrunnelse

Palliativ behandling er eit fagfelt som det dessverre vil bli større etterspurnad etter i åra framover fordi det blir mange fleire eldre. Det er aukande uro i samfunnet over om vi alle får god nok behandling og støtte når vi skal døy.
Likevel veljer statsråden å avvikle eit godt, felles-nordisk utdanningsopplegg for legar som leiar fram til ei sertifisering i kompetanseområdet palliativ medisin. Det vil føre til dårligare behandling over heile landet, fordi desse legane driv utstrekt rettleiing overfor legar i andre spesialitetar, fastlegar og kommunane.
Statsråden har tidligare på spørsmål frå andre representantar svart at han vil prioritere breiddekompetanse. For Venstre er det openbart at ein må styrke kompetansen hos alle som arbeider med døande. På same måte er det openbart behov for spesialisert kompetanse for trygg behandling av pasientar med vanskelege problemstillingar og for god fagleg støtte i heile behandlingskjeden.

Jan Christian Vestre (A)

Svar

Jan Christian Vestre: Regjeringa vil sikra god lindrande behandling og omsorg for alle når livet går mot slutten. Til liks med representanten Bjørlo meiner regjeringa at det ikkje er noka motsetning mellom breiddekompetanse og spesialisert kompetanse på fagfeltet palliasjon og at begge delar er nødvendige. Alvorleg sjuke og døyande menneske skal få god oppfølging i helse- og omsorgstenestene. Lindrande behandling og omsorg er ein del av det lovpålagde ansvaret til både sjukehusa og kommunane. For oss er det viktig å sikra eit likeverdig tilbod med god kvalitet i heile landet.
Mangel på fagfolk er som kjent ei stor utfordring. Derfor må me sørgja for at dei fagfolka me har tilgjengeleg, har kompetanse som varetek behovet til befolkninga i størst mogleg grad. Me vil derfor først leggja vekt på breiddekompetanse i palliasjon for alle legespesialistar i dagens større medisinske spesialitetar. Innhaldet i ein ny høgspesialisert medisinsk spisskompetanse i palliasjon kan deretter tilpassast dette.
Kompetanse i palliasjon er også viktig for mange legespesialitetar, fordi mange legar møter pasientar som treng palliativ behandling. Regjeringa meiner derfor at det er nødvendig å sørgja for kompetanse i palliasjon i dei eksisterande større medisinske spesialitetane først, men behovet for høgspesialisert kompetanse i palliasjon er også heilt nødvendig og skal varetakast. Derfor har Helsedirektoratet fått i oppdrag å etablera eit opplæringstilbod i palliasjon. Oppdraget omfattar mellom anna å utarbeida tilrådingar for generell kompetanse i palliasjon for legar. Spesifikke læringsmål innan palliasjon i relevante legespesialitetar skal innarbeidast. I tillegg skal Helsedirektoratet, i samråd med dei regionale helseføretaka, etablera eit opplæringstilbod i palliasjon. Dei regionale helseføretaka har derfor fått eit oppdrag som speglar oppdraget til Helsedirektoratet. Desse tilboda skal kunna nyttast av alle legar, og kan også tilpassast tverrfagleg samarbeid med andre personellgrupper.
Behovet for, og innhaldet i ein høgspesialisert medisinsk spisskompetanse i palliasjon kan deretter tilpassast. Den pågåande forsøksordninga med palliasjon som kompetanseområde skal derfor haldast oppe inntil dette opplæringstilbodet er etablert. Den høge kvaliteten i kompetanseområdet skal varetakast og vidareutviklast i det nye opplæringstilbodet.
Ved å etablera eit opplæringstilbod som varetek behovet for breiddekompetanse i palliasjon først, for så å tilpassa dette til høgspesialisert spisskompetanse, vil me sikra ein berekraftig og god bruk av personell og kompetanse som er tilpassa behovet til befolkninga for palliasjon.