Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:646 (2024-2025) Innlevert: 13.12.2024 Sendt: 13.12.2024 Besvart: 20.12.2024 av næringsminister Cecilie Myrseth
Alfred Jens Bjørlo (V): Nettavisen har nylig avslørt at Innovasjon Norge har oppretta ei spesialrådgivarstilling med lukrative løns- og arbeidsvilkår for ein tidlegare Ap-topp etter lokalvalet i 2023. Vedkomande dreiv valkamp for Ap i fire månader med full løn frå Innovasjon Norge og opplyste utad at ho hadde permisjon frå Innovasjon Norge – noko ho ikkje hadde.Kva vil næringsministeren gjere for å rydde opp i saka, og er statsråden enig i at denne saka forsterkar inntrykket av at Ap er på ein annan planet enn grunnplanet i norsk næringsliv?
Cecilie Myrseth: Innovasjon Noreg er eit særlovsselskap og er regulert gjennom lov om Innovasjon Noreg. Forvaltninga av selskapet og den daglege drifta, inkludert regulering av tilsetjingsvilkår, ligg til styret i Innovasjon Noreg og den daglege leiinga, og ikkje til staten og fylkeskommunane som eigarar. Som eigar har eg forventningar til selskapa om at dei mellom anna har gode rutinar for internkontroll, noko vi følgjer opp i den ordinære eigardialogen. Det er imidlertid som nemt Innovasjon Noreg sitt styre som er ansvarleg for at selskapet følgjer gjeldande lover og reglar.