Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til arbeids- og inkluderingsministeren

Dokument nr. 15:1049 (2024-2025)
Innlevert: 02.02.2025
Sendt: 03.02.2025
Besvart: 10.02.2025 av arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Kva har regjeringa gjort etter 2023 for å styrke og oppskalere tilbodet om systematisert og fleksibel norskopplæring til vaksne innvandrarar som ikkje har rett på gratis norskopplæring, slik at dei lettare kan delta i arbeidslivet og det norske samfunnet elles, i tråd med tilrådingane i rapporten som evaluerte den nye Norskopplæringsordninga retta mot denne målgruppa som var ei svært vellukka prøveordning i åra 2021-2023?

Begrunnelse

IMDI publiserte i januar 2024 ein rapport som evaluerte «Norskopplæringsordningen for gratis norskopplæring», ei prøveordning i åra 2021-2023 for å gi meir systematisk norskopplæring til arbeidsinnvandrarar og andre vaksne innvandrarar som ikkje har rett på gratis norskopplæring, men likevel treng å styrke sine norskferdigheiter for å kunne delta i arbeidslivet og samfunnet elles.
Evalueringa synte at dette nye tilbodet om norskopplæring til arbeidsinnvandrarar i all hovudsak var vellukka, og traff eit behov som i svært liten grad var dekka av andre ordningar og tilbod.
Evalueringsrapporten er likevel tydeleg på at: «...etterspørselen er høyere enn tilbudet, og at ventelistene dermed er lange. Det vil kreve en vesentlig oppskalering av denne og andre eksisterende ordninger, for at de som har behov for og ønsker å forbedre norskferdighetene sine skal få en slik mulighet.»

Tonje Brenna (A)

Svar

Tonje Brenna: Tilskot til Norskopplæringsordninga er ikkje lenger ei prøveordning, men eit vel etablert tilbod. Ved oppstarten av ordninga i 2021 var den årlege tildelinga på 30 mill. kroner, som ga norskopplæring til om lag 3000 personar. I 2025 er tildelinga på 51,5 mill. kroner, som vil gi opplæring til i overkant av 5 000 personar.
Eg er klar over at det har vore stor pågang av deltakarar til ordninga. Evalueringa av ordninga viser at mange av deltakarane har stort fagleg utbytte av å delta på norskkurs, og at opplæringstilbodet er eit viktig steg på vegen mot kvalifisering og arbeid, i tillegg til at det bidrar til kvardagsintegrering. Samla sett meiner Arbeiderparti-regjeringa at ordninga er verdt å satse på og difor har vi styrka den sidan vi tiltredde hausten 2021.
Gjennom Tilskot til integreringsarbeid i regi av frivillige organisasjonar har regjeringa over fleire år også tildelt midlar til norsktrening i regi av frivillige organisasjonar. Mange av deltakarane her er arbeidsinnvandrarar. Dette er eit tilskot som har blitt styrka dei siste åra.
Vidare er også ordninga med tilskot til Kompetansepluss relevant for arbeidsinnvandrarar. Kompetansepluss gir midlar til opplæring i grunnleggande ferdigheiter for arbeidstakarar eller deltakarar frå frivillige organisasjonar. Ordninga inkluderer også opplæring i norsk som skal følge læreplan i norsk for vaksne innvandrarar. For meir informasjon om Kompetansepluss, sjå Prop. 1 S (2024-2025) for Kunnskapsdepartementet, kap. 257 Kompetanseprogrammet.
Eg kan også nemne at regjeringa har etablert eit nasjonalt tilbod om digital norskopplæring som skal bidra til å styrke dei nykomne innvandrarane sine norskferdigheiter. Vidare vil eg vise til Meld. St. 17 (2023-2024) Om integreringspolitikken: Stille krav og stille opp (Integreringsmeldinga) der det kjem fram at regjeringa vil vurdere å gi arbeidsinnvandrarar og familien deira rett til norskopplæring.