Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til statsministeren

Dokument nr. 15:777 (2024-2025)
Innlevert: 06.01.2025
Sendt: 07.01.2025
Rette vedkommende: Utenriksministeren
Besvart: 14.01.2025 av utenriksminister Espen Barth Eide

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Meiner statsministeren det er ein akseptabel praksis at offentlege innkjøparar i Noreg i motsetnad til offentlege innkjøparar i EU-landa kjøper inn stålprodukt frå land som ikkje sanksjonerer frå Russland, eller er statsministeren enig med professoren i europeisk sikkerheitspolitikk ved Forsvarets høgskule som meiner at denne praksisen er med å smøre den russiske krigsmaskina, og vil statsministeren i så tilfelle sørge for at Noreg følgjer EU og sluttar med dette?

Begrunnelse

Eg syner til saker i Sogn Avis 2/12-24 og Mørenytt 5/1-25 om korleis det norske selskapet VikØrsta som produserer stålrekkverk, no må permittere og nedbemanne.
Som statsministeren er kjend med etter sitt besøk på Vik Ørsta sitt produksjonsanlegg av stålrekkverk i Vik i Sogn i oktober 2024, har bedrifta etter krigsutbrotet i Ukraina vald å vere konsekvent i å unngå russisk stål i sine produkt, i likskap med sine konkurrentar i dei aller fleste EU-land.
Det som derimot skil Noreg frå EU, er at offentlege kundar i EU-landa som del av sanksjoneringa av Russland ikkje handlar inn stålprodukt der stålet opprinneleg kjem frå russiske produsentar.
Norske offentlege kundar av stålrekkverk som Statens Vegvesen, Nye Vegar m fl har ikkje innført ein slik praksis, men kjøper framleis inn stålprodukt frå selskap i land som Tyrkia og Kina, som ikkje har sanksjonar mot russisk stål. Desse selskapa kan dermed tilby prisar på stålprodukt som Vik Ørsta og andre produsentar i EU/EØS-området ikkje kan konkurrere mot.
Kåre Dahl Martinsen, professor i europeisk sikkerheitspolitikk ved Forsvarets høgskole, skildrar denne praksisen på følgande måte i intervju med Sogn Avis 2/12:

«At eit statleg føretak som Nye Vegar kjøper frå kinesiske underleverandørar er utruleg. Kinesarane smør vidare den russiske krigsmaskina.»

Fagforeningane ved Vik Ørsta, herunder Fellesforbundet, uttaler i eit felles skriv til LO sentralt at:

«..det er spesielt at staten med opne auge indirekte handlar med Russland, trass i sine eigne reglar.»

Fagforeiningane ved Vik Ørsta kallar og Noreg for krigsprofitør som handlar indirekte og direkte med totalitære regime.

Espen Barth Eide (A)

Svar

Espen Barth Eide: Det blir vist til spørsmål frå representanten Alfred Jens Bjørlo til statsministeren som han har bede meg svara på.
Det følgjer av sanksjonane mot Russland at import av visse russiske stålprodukt er forbode, og omgåing av dette importforbodet er òg i strid med regelverket. Import av stål som ikkje er underlagt importforbod er derimot ikkje i strid med sanksjonsregelverket. Det er forventa at både private og offentlege aktørar set seg grundig inn i regelverket og gjer grundige varsemdvurderingar med omsyn til opphavet av den vara ein handlar med og om den er underlagt importforbod.
I Statens vegvesen og Nye vegars kontraktar forpliktar entreprenøren seg til å følgja sanksjonslovgjevinga med dei til kvar tid gjeldande forskriftene. Leverandøren forpliktar seg altså til å unngå at russisk stål blir nytta i vegbyggingsprosjekt. Om det likevel vert konstatert at russisk stål vert nytta, vil det vera eit vesentleg kontraktsbrot som på nærare vilkår kan medføra heving av kontrakten, utskifting av underentreprenør og erstatning. Samferdselsministeren stadfestar overfor meg at han vil følgja opp dette tett med verksemdene sine.