Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til forsknings- og høyere utdanningsministeren

Dokument nr. 15:551 (2024-2025)
Innlevert: 02.12.2024
Sendt: 02.12.2024
Besvart: 09.12.2024 av forsknings- og høyere utdanningsminister Oddmund Hoel

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Regjeringens forslag til statsbudsjett for 2025 vil føre til svakere økonomi for norske universiteter og høyskoler, med kutt i studietilbud og nedlegging av studieprogram ved mange institusjoner.
Har statsråden initiert en dialog med studiestedene for å sørge for en samlet oversikt over hvilke studietilbud/studieprogram som er planlagt lagt ned, slik at man ikke risikerer for eksempel at samme studieprogram legges ned alle steder og man nasjonalt mister et fagområde med tilhørende fagmiljø?

Begrunnelse

Regjeringen har varslet kutt i bevillinger til høyere utdanning i sitt forslag til statsbudsjett. Svakere økonomi for universitetene medfører knallharde prioriteringer om hvilke fagretninger man har råd til å tilby. Konsekvensen er kutt i studietilbud ved norske studiesteder. Kutt i sektoren gjør at minimumsgrensen for antall studenter for økonomisk bærekraft for kurs/emner/program stiger – spørsmålsstiller er derfor ekstra bekymret for at det kuttes i små fagretninger. Vi ser kutt i studieprogrammer av nasjonal og lokal betydning innenfor MNT-fagene – uten at det er gjort en konsekvensvurdering av hva dette betyr for vår nasjonale kunnskapsberedskap.

Oddmund Hoel (Sp)

Svar

Oddmund Hoel: Universiteta og høgskulane har ansvar for å dimensjonere studieporteføljane i tråd med både studiesøking og arbeidsmarknadsbehova, også i dialog med arbeidsliv og berørte parter. Universiteta og høgskulane er rammefinansierte. Det inneber blant anna at institusjonane i stor grad har fullmakter til å opprette og legge ned studietilbod, og til å flytte midlar mellom utdanningar og fagmiljø etter som kompetanse- og kapasitetsbehova endrar seg. Samstundes er regjeringa mellom anna i utsynsmeldinga frå 2023 tydeleg på at institusjonane skal prioritere kompetanse som er nødvendig for eit høgproduktivt og konkurransedyktig næringsliv, for å ha gode velferdstenester i heile landet og for å gjennomføre det grøne skiftet.
Regjeringa sørger for gode rammevilkår og tydelege mål og forventningar til institusjonane. Kunnskapsdepartementet bør i utgangspunktet ikkje drive ei detaljstyring som inneber å overprøve dei faglege vurderingane som kvar institusjon gjer for sine utdanningstilbod i dialogen dei har med arbeidslivet og andre aktørar i desse spørsmåla.
Samstundes er det viktig å ivareta sårbare og nasjonalt viktige utdanningar samfunnet har behov for. Kunnskapsdepartementet har derfor mellom anna bedt Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse sjå nærare på organiseringa av små og sårbare utdanningar i helsefag. Formålet med utgreiinga er å få betre kunnskap om føresetnadar for å ivareta små helsefagmiljø og tilhøyrande utdanningar, i universitets- og høgskulesektoren, slik at helse- og omsorgstenestenes behov for kompetansen frå disse utdanningane blir dekte. Samarbeid og arbeidsdeling mellom institusjonane blir viktig for å sikre beredskap for små fag framover.
Kunnskapsdepartementet følger også opp gjennom styringsdialogen med universiteta og høgskulane. Generelt er eg kjend med at fleire institusjonar i universitets- og høgskulesektoren står i ein krevjande økonomisk situasjon, der fleire står i omstillingsprosessar og vurderer nedlegging eller nedskalering av ulike studieprogram. Vi følger også med på kva institusjonane gjer og vurderer om dei møter dei forventningane regjeringa har sett. Overordna har eg tillit til at institusjonane gjer dei nødvendige vurderingane og prioriteringane for å samla sett ivareta behova samfunnet har for høgare utdanning.