Alfred Jens Bjørlo (V): Omtrent halvparten av alle brukte kle havnar i søpla. Den 1. januar 2025 innførte Noreg dei nye EU-reglane for innsamling av kle og tekstil. Alle kommuner må frå no av må sørge for at folk kan levere inn brukte kle/tekstil som ein eigen avfallsfraksjon og at dei blir klargjort for ombruk eller gjenvinning.
I kor mange kommunar er ordningar for innsamling, ombruk og gjenvinning av kle på plass, og kva vil regjeringa gjere for å sikre at alle i Noreg kan gjere dette i tråd med lova og vi kan spare miljøet for store mengder avfall?
Begrunnelse
Underteikna ba i september 2024 Klima- og miljøministeren om status for det varsla påbodet om klesinnsamling i januar 2025, jmf, gjennom følgande skriftlege spørsmål:
«Har Klima- og miljødepartementet oversikt over kor mange kommuner som er i rute med å ha på plass gode system for innsamling av tekstilavfall frå 1. januar 2025, kva tiltak vil departementet setje i verk for å sørge for at slike ordningar er på plass i alle kommunar innan denne fristen, og kva er departementet sitt anslag for kor stor del av dei innsamla tekstilane i 2025 som vil gå til gjenvinning?»
Svaret den gongen frå ministeren var relativt ullent, jmf Dokument nr. 15:2726 (2023-2024).
No er vi komne til februar 2025, og alle kommuner skal ha ei slik innsamlingsordning på plass. Likevel veit vi gjennom media at dette mange stader i landet ikkje er tilfelle, mellom anna i Nordfjord og sør-delen av Kinn kommune (Flora). Her opplyser renovasjonsselskapet NoMil sine abonnentar om at dei ikkje har ei ordning for klesinnsamling på plass, og heller ikkje veit når det vil skje – og oppmodar folk om framleis å kaste brukte kle og tekstilar i restavfallet.