Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til næringsministeren

Dokument nr. 15:749 (2024-2025)
Innlevert: 27.12.2024
Sendt: 02.01.2025
Besvart: 09.01.2025 av næringsminister Cecilie Myrseth

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Er næringsministeren tilfreds med korleis Innovasjon Norge sitt styre har handtert avsløringa av at Innovasjon Norge oppretta ei spesialrådgivarstilling med lukrative løns- og arbeidsvilkår for ein tidlegare Ap-topp etter lokalvalet i 2023 etter at vedkommande i forkant av lokalvalet dreiv valkamp for Ap i fire månader med full løn frå staten og uriktig opplyste utad at ho hadde permisjon frå Innovasjon Norge, og kva eigardialog har statsråden hatt med styret om internkontrollrutiner i kjølvatnet av denne avsløringa?

Begrunnelse

Eg syner til næringsministeren sitt svar på mitt spørsmål om denne saka sendt inn 13/12 (Dokument nr. 15:646 (2024-2025)), der næringsministeren svarer følgande:

«Innovasjon Norge er et særlovsselskap og er regulert gjennom lov om Innovasjon Norge. Forvaltningen av selskapet og den daglige driften, inkludert regulering av ansettelsesforhold, ligger til Innovasjon Norges’ styre og daglige ledelse, og ikke til staten og fylkeskommunene som eiere. Som eier har jeg forventninger til selskapene om at de blant annet har gode internkontroll-rutiner, noe vi følger opp i den ordinære eierdialogen. Det er imidlertid som nevnt Innovasjon Norges styre som er ansvarlig for at selskapet følger gjeldende lover og regler.»

Eg er sjølvsagt kjend med dei formelle styringslinene som statsråden her skildrar – men det viktige for underteikna og ålmenta er å vite kva «eierdialog» det faktisk har vore i saka, og kva som er statsråden sitt syn på styret i Innovasjon Norge si handtering av saka.

Cecilie Myrseth (A)

Svar

Cecilie Myrseth: Stortinget sin kontroll- og konstitusjonskomité har sendt fleire spørsmål om faktiske forhold i denne saka, med svarfrist 14. januar. Eg har i samband med desse spørsmåla bedt om innspel frå Innovasjon Noreg, og eg vil svare på spørsmåla innan fristen.
Som eigar i Innovasjon Noreg har vi eigardialog med styret i selskapet. Eg har gjennom denne dialogen mellom anna fått opplyst at styret i Innovasjon Noreg gjennomgår alle forhold i denne saka. Departementet vil bli holdt orientert på vanleg måte, gjennom eigardialogen.