Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:769 (2024-2025)
Innlevert: 05.01.2025
Sendt: 06.01.2025
Besvart: 13.01.2025 av kommunal- og distriktsminister Erling Sande

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): NRK har avdekka at i dei 100 største naturinngrepa i Noreg siste 5 år, er det i 91 av sakene ikkje gjort undersøkingar i felt etter trua artar, i 81 av sakene ikkje forsøkt å finne alternative stader å bygge, og i 23 av sakene er ikkje natur ein gong omtalt i saksutgreiinga før områda vart sett av til bygging.
Meiner kommunalministeren dette er innanfor lovverket, og i tilfelle ikkje, kor alvorleg meiner kommunalministeren denne praksisen som fører til nedbygging av natur i enormt omfang er og korleis vil han få slutt på det?

Erling Sande (Sp)

Svar

Erling Sande: I spørsmålet frå stortingsrepresentanten Bjørlo er det vist til at NRK har sjekka dei «100 største naturinngrepa i Noreg siste 5 år». Funna NRK meiner å ha avdekka viser at naturverdiar ikkje alltid har vore tilstrekkeleg utgreidde og synleggjorde i planprosessane. Eg kan ikkje kommentere dei konkrete døma som blir presenterte i undersøkinga til NRK. Forskrifta om konsekvensutgreiingar har blitt revidert fleire gonger, og det er stor variasjon i når dei ulike sakane NRK viser til vart vedtekne. Generelt er det slik at mange eldre kommuneplanar er vedtekne med mindre kunnskap om naturverdiane i området enn det som er tilfelle for nyare planar.
Alle planer for utbygging i Noreg skal skje på grunnlag av oppdatert kunnskap. I saker som inneber store naturinngrep er det spesielt viktig at naturinngrepa blir utgreidd. Mitt inntrykk er at kommunane også er opptekne av dette. Det er og slik at utgreiingane skal tilpassast plannivået, og at meir detaljerte utgreiingar høyrer heime i detaljreguleringar.
Kommunal- og distriktsdepartementet og Klima- og miljødepartementet har saman starte eit arbeid med å revidere forskrift om konsekvensutgreiingar. Eit av føremåla med revisjonen er eit betre og meir tydeleg regelverk. Dette skal gjere regelverket meir anvendeleg for kommunane. Departementet jobbar òg heile tida med å utarbeide god rettleiing til kommunane og med å styrke deira kompetanse knytt til planlegging og miljø.
I Naturmeldinga og dei nye statlege planretningslinjene for arealbruk og mobilitet er det sett klare mål om at nedbygginga av viktige naturareal og matjord skal reduserast, og kva prinsipp som skal leggast til grunn for det. Ei viktig føring er at kommunane i større grad enn tidlegare bør byggje på allereie utbygd areal i staden for å ta i bruk nytt. Ein del kommunar har satt av meir areal til utbygging enn det dei har behov for, og vi støttar oppunder arbeidet med «planvask», altså å gå gjennom arealplanane for å sjå om det finst område som bør takast ut av planane. Mitt departement er no òg i gang med å utvikle ein rettleiar til planretningslinjene for areal og mobilitet som skal hjelpe kommunane til å ta omsyn til klima og miljø i arealplanlegginga.
Samstundes klarer vi ikkje å utvikle samfunnet utan å røre noko natur. Her må vi finne ein god balanse. Eg meiner at kommunane er best skikka til å finne denne balansen, då det er dei som planstyresmakt og har ansvar for å ta vare på viktig natur. Så skal vi frå sentralt hold jobbe saman med kommunane for å gi rettleiing, auke kompetansen lokalt, og gje nasjonale styringssignal og reglar slik at dei kan ivareta dette ansvaret på ein best mogleg måte. Arbeidet med arealrekneskap og naturrekneskap er døme på to viktige satsingar frå regjeringa for å støtte opp om kommunanes arbeid. Desse vil hjelpe kommunane og andre aktørar i arealforvaltning til å få viktig kunnskap tidleg i prosessen slik at det kan tas kloke avgjerder om arealbruk framover.