Skriftlige spørsmål og svar

Liste over skriftlige besvarelser. Skriftlige spørsmål er en kort spørsmålsform, og er ikke gjenstand for debatt i Stortinget.

Avgrens utvalget

Finn spørsmål til skriftlig besvarelse etter

Sogn og Fjordane (21 - 40 av 64)
  • Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til kunnskapsministeren

    Dokument nr. 15:1287 (2023-2024)

    Innlevert: 18.02.2024

    Sendt: 19.02.2024

    Besvart: 23.02.2024 av kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun

    Vil Kunnskapsministeren sørge for å utsetje ikraftsetjinga av eit evt påbod om at fylkeskommunen skal fastsetje eit hovudmål for den vidaregåande skulen (ny opplæringslov §15-2) i påvente av ei utgreiing av følgjene dette kan ha for nynorsken, slik eit samla Fylkesutval i Vestland fylkeskommune har bedt om?
  • Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til kommunal- og distriktsministeren

    Dokument nr. 15:1286 (2023-2024)

    Innlevert: 18.02.2024

    Sendt: 19.02.2024

    Besvart: 23.02.2024 av kommunal- og distriktsminister Erling Sande

    Er kommunalministeren enig med Landstinget i KS i at arealnøytralitet bør vere hovedregelen for arealbruk i kommunane ved fortetting i allereie utbygde område og samarbeid om fordeling av funksjonar og infrastruktur på tvers av kommunegrenser, og korleis vil statsråden sørge for at kommunene har kompetanse, verktøy og ressursar til nødvendig arbeid med naturkartlegging, arealrekneskap, arealbudsjett, klimarekneskap og klimabudsjett for at Noreg kan nå forpliktingane i Parisavtalen, Naturavtalen og klimaavtalen med EU?
  • Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til landbruks- og matministeren

    Dokument nr. 15:1208 (2023-2024)

    Innlevert: 10.02.2024

    Sendt: 12.02.2024

    Besvart: 20.02.2024 av landbruks- og matminister Geir Pollestad

    På spørsmål frå underteikna nylig ville ikkje landbruks- og matministeren svare på om den varsla stortingsmeldinga om dyrevelferd kjem i vårsesjonen 2024 (Dokument nr. 15:1055 (2023-2024)). Meldinga står heller ikkje på regjeringa si liste til Stortinget over varsla saker i vårsesjonen. I NRK Politisk Kvarter 8/2 sa likevel Fiskeri- og havministeren uoppfordra at stortingsmeldinga om dyrevelferd kjem «før sommeren». Kan landbruks- og matministeren stadfeste at det er korrekt, og kva er statsrådens definisjon av «før sommeren»?
  • Skriftlig spørsmål fra Olve Grotle (H) til samferdselsministeren

    Dokument nr. 15:1191 (2023-2024)

    Innlevert: 09.02.2024

    Sendt: 09.02.2024

    Besvart: 16.02.2024 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

    Kan statsråden opplyse om kor mykje billegare enn budsjettert dei to prosjekta RV5 Kjøsnestunnelen og E39 Myrmel-Lunde samla sett vart i 2024-kroner, kva meiner statsråden er årsaka til at prosjekta vart billegare, og meiner han det er lærdom i korleis ein har bygd veg i Sunnfjord dei siste ti åra som kan overførast til andre samferdselsprosjekt?
  • Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til kultur- og likestillingsministeren

    Dokument nr. 15:1149 (2023-2024)

    Innlevert: 06.02.2024

    Sendt: 06.02.2024

    Besvart: 13.02.2024 av kultur- og likestillingsminister Lubna Boby Jaffery

    Nasjonalbiblioteket har fått ansvar for å administrere regjeringa sitt årlege internasjonale Fosseforedrag, etablert for å heidre nobelprisvinnaren Jon Fosse frå Vestland. Det er utlyst ei eiga stilling med ansvar for Fosseforedraget og Fossestipendet, med arbeidsstad Oslo. Kvifor har ikkje regjeringa sørga for å legge stillinga til eit språk- og litteraturfagleg miljø i Bergen/på Vestlandet, og vil det vere mulig for søkarar frå Vestlandet å fjernarbeide derifrå utan å måtte flytte til og ha dagleg fysisk oppmøtestad i Oslo?
  • Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til helse- og omsorgsministeren

    Dokument nr. 15:1102 (2023-2024)

    Innlevert: 31.01.2024

    Sendt: 01.02.2024

    Besvart: 08.02.2024 av helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol

    Kva vil statsråden gjere for å sikre at anbodsrunden til Helse Sør-Øst for tverrfagleg spesialisert rusbehandling, der det blir lagt til grunn ny faktureringsmodell, ikkje vil skade kapasiteten og økonomien til ideelle aktørar innan dette helsefeltet?
  • Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til finansministeren

    Dokument nr. 15:1079 (2023-2024)

    Innlevert: 31.01.2024

    Sendt: 31.01.2024

    Besvart: 07.02.2024 av finansminister Trygve Slagsvold Vedum

    Meiner Finansdepartementet framleis at det vil bli 25 000 nye nullskatteytarar i Noreg dersom formuesskatten blir fjerna (jmf. utsegner i NRK Politisk Kvarter 31/1), kva føresetnader byggjer eit evt. slikt tal på - og kva andre justeringar i skattesystemet vil i tilfelle kunne hindre at eit høgt tal personar med høg formue blir nullskatteytarar totalt sett?
  • Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til landbruks- og matministeren

    Dokument nr. 15:1055 (2023-2024)

    Innlevert: 28.01.2024

    Sendt: 29.01.2024

    Besvart: 02.02.2024 av landbruks- og matminister Geir Pollestad

    Den lenge varsla Dyrevelferdsmeldinga (varsla av regjeringa i desember 2021) står ikkje på den ferske oversikta over proposisjonar og meldingar frå Regjeringa til Stortinget i vårsesjonen 2024 (januar-september). Kan statsråden garantere at Stortinget får Dyrevelferdsmeldinga i tide til at meldinga kan handsamast og vedtakast i 2024, eller risikerer ein no at vi ikkje har ei ferdig politisk dyrevelferdsmelding før i 2025 - fire år etter at regjeringa starta arbeidet og to år etter det Stortinget har bedt regjeringa om?
  • Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til næringsministeren

    Dokument nr. 15:1054 (2023-2024)

    Innlevert: 28.01.2024

    Sendt: 29.01.2024

    Besvart: 05.02.2024 av næringsminister Jan Christian Vestre

    Skattetrykket frå formuesskatten har auka kraftig under dagens regjering. Ei av følgjene er at det har blitt ein stadig større konkurranseulempe å vere norsk når det kjem til kjøp og forvalting av næringseigedom og utleigebustader. Har departementet tal som syner den årlege utviklinga i utenlandsk eigarskap av næringseigedom og utleiebustader i Noreg i perioden 2013-2023, både prosentvis og i absolutte tal?
  • Skriftlig spørsmål fra Olve Grotle (H) til samferdselsministeren

    Dokument nr. 15:1025 (2023-2024)

    Innlevert: 24.01.2024

    Sendt: 25.01.2024

    Besvart: 31.01.2024 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

    Viser til svaret til statsråden på skriftleg spørsmål 977, der han ikkje svarer på spørsmålet om timinga av forslaget, som gjer det vanskeleg for næringa å sikre nok materiell til sesongen 2024. Samt få tak i nok sjåførar. Kan eg be om at statståden svarer på korleis han meiner norsk reiseliv og turbussnæringa skal sikre nok kapasitet neste sesong, og om denne konsekvensen av forslaget vart utgreid i forkant?
  • Skriftlig spørsmål fra Olve Grotle (H) til samferdselsministeren

    Dokument nr. 15:977 (2023-2024)

    Innlevert: 19.01.2024

    Sendt: 19.01.2024

    Besvart: 23.01.2024 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

    Eg viser til regjeringa si innføring av tolkinga av rammene for midlertidig persontransportkabotasje ret før jul m.v. 1.1.24. Dei fleste planane for sesongen 2024 var allereie lagde då Samferdselsdepartementet offentleggjorde si endring. Normalt må nyanskaffingar bestillast seinast august/september for påfølgjande sesong. Samtidig er det stor mangel på bussjåførar. Korleis meiner statsråden norsk reiseliv og turbussnæringa skal sikre nok kapasitet neste sesong, og vart denne konsekvensen av forslaget utgreidd i forkant?
  • Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til klima- og miljøministeren

    Dokument nr. 15:965 (2023-2024)

    Innlevert: 19.01.2024

    Sendt: 19.01.2024

    Rette vedkommende: Energiministeren

    Besvart: 26.01.2024 av energiminister Terje Aasland

    Kan klima- og miljøministeren gi ei oversikt over kva mediemerksemd vedtaket om leiting etter og utvinning av havbunnsmineral i Noreg har skapt internasjonalt og korleis norsk utanriksteneste vurderer at vedtaket kan påverke Noreg sitt omdømme som «grøn eksportnasjon», er regjeringa enig med EU-kommisjonen i at utvinning av havbunnsmineral ikkje må skje før tilstrekkeleg konsekvensutgreiing og forskning er på plass og kva signal har regjeringa fått direkte frå EU på vedtaket i Stortinget om å opne for havbunnsmineral?
  • Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til landbruks- og matministeren

    Dokument nr. 15:923 (2023-2024)

    Innlevert: 16.01.2024

    Sendt: 16.01.2024

    Besvart: 24.01.2024 av landbruks- og matminister Geir Pollestad

    Tine har fått dispensasjon til å bruke «Nyt Norge»-merket på sine yoghurtprodukt sjøl om dei i tida framover vil bli produsert delvis på tysk mjølk. Kva meiner landbruksministeren om ei slik utvatning av Nyt Norge-merkevara, og kva oversikt har departementet over omfanget av andre dispensasjonar som i framtida må bli innvilga til andre produsentar for andre produkt delvis produsert på utanlandske råvarer, av omsyn til prinsipp om likebehandling?
  • Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til kommunal- og distriktsministeren

    Dokument nr. 15:911 (2023-2024)

    Innlevert: 14.01.2024

    Sendt: 15.01.2024

    Besvart: 19.01.2024 av kommunal- og distriktsminister Erling Sande

    Auka bruk av desentraliserte/staduavhengige arbeidsplassar vart gitt som ei ny fellesføring frå regjeringa til alle statlege verksemder i tildelingsbreva for 2023, med krav om rapportering ved årsslutt. Kor mange statlege verksemder har rapportert om høvesvis auka, uendra eller mindre bruk av desentralisert arbeidsstad i 2023, kor stor auke har det samla vore i desentraliserte stillingar i statlege etatar i 2023 og kor mange staduavhengige stillingar i staten har blitt utlyst i løpet av 2023?
  • Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til klima- og miljøministeren

    Dokument nr. 15:857 (2023-2024)

    Innlevert: 08.01.2024

    Sendt: 08.01.2024

    Besvart: 11.01.2024 av klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen

    Vil klima- og miljøministeren oppmode Ap/Sp-leia Stad kommune og andre kommunar som planlegg å bygge ut myrområde for å gjennomføre offentlege byggeprosjekt om å stoppe planane om nedbygging av myr og gjennomføre utbyggingane på andre måtar, jamfør forslag frå Miljødirektoratet i desember 2023 om nasjonalt forbod mot nedbygging av myr og NRK si avdekking i januar 2024 av det enorme omfanget av ukontrollert nedbygging av sårbar natur i Noreg?
  • Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til digitaliserings- og forvaltningsministeren

    Dokument nr. 15:837 (2023-2024)

    Innlevert: 05.01.2024

    Sendt: 05.01.2024

    Besvart: 12.01.2024 av digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne O. Tung

    Kva trur digitaliserings- og forvaltingsministeren er årsaka til at det førebelse utkastet til EU si nye forordning om Kunstig intelligens (AI Act) er merka som ikkje relevant for EØS, og korleis vil regjeringa i tida framover arbeide opp mot EU for å kompensere for at Noreg gjennom sjølvpålagt utanforskap i dei folkevalde organa som formar den digitale framtida i Europa ikkje deltar i dei politiske prosessane knytt til utforming av AI Act og andre forordningar om digitalisering som Noreg uansett må implementere i vårt lovverk?
  • Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til arbeids- og inkluderingsministeren

    Dokument nr. 15:834 (2023-2024)

    Innlevert: 05.01.2024

    Sendt: 05.01.2024

    Besvart: 12.01.2024 av arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna

    Vil statsråden ta initiativ til å modernisere og forenkle regelverket for å ferde ut HMS-kort på bygge- og anleggsplassar i tråd med den teknologiske utviklinga, slik at bedrifter ikkje må bestille nye fysiske kort kvart andre år, men heller kan søke om godkjenning og få oppdatert elektronisk godkjenning for same tidsrom utan å måtte bestille nye fysiske HMS-kort?
  • Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til fiskeri- og havministeren

    Dokument nr. 15:803 (2023-2024)

    Innlevert: 31.12.2023

    Sendt: 02.01.2024

    Besvart: 09.01.2024 av fiskeri- og havminister Cecilie Myrseth

    Kan fiskeri- og havministeren garantere at Kystverket no har fått alle nødvendige avklaringar frå departementet for å kunne lyse ut Stad Skipstunnel på anbod i løpet av 1. halvår 2024 med sikte på kontraktsinngåing og ev. nytt vedtak i Stortinget om kostnadsramme 2. halvår 2024 og byggestart for prosjektet i 2025, og kva er årsaka til at fiskeri- og havministeren ikkje vil møte ordføraren i Stad kommune som er vertskapskommune for prosjektet?
  • Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til helse- og omsorgsministeren

    Dokument nr. 15:796 (2023-2024)

    Innlevert: 25.12.2023

    Sendt: 02.01.2024

    Besvart: 10.01.2024 av helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol

    Vil helseministeren sørge for at pasientar med lipødem, som i all hovudsak er kvinner, får lik hjelp og refusjon av utgifter til nødvendig helseutstyr over heile landet, og er helseministeren samd i at forskingsinnsatsen knytt til lymfødem og andre kroniske sjukdommar som medfører mykje smerte og spesielt rammar kvinner må aukast monaleg i åra framover?
  • Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til helse- og omsorgsministeren

    Dokument nr. 15:763 (2023-2024)

    Innlevert: 19.12.2023

    Sendt: 20.12.2023

    Besvart: 21.12.2023 av helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol

    Regjeringspartia fekk i Stortinget 18/12 fleirtal med røystene til Ap, Sp og Høgre for å gi regjeringa/ helsebyråkratiet ein varig og generell heimel i smittevernlova til å setje folk i langvarig karantene og isolasjon ved utbrot av smittsame sjukdomar. Alle øvrige parti røysta imot. Regjeringa varsla samtidig at det snart vil kome ein heilskapleg revisjon av regelverket om helseberedskap og smittevern, der heimelen som no er gitt kan bli endra. Når vil Stortinget få seg forelagt ein slik heilskapleg revisjon av regelverket?