Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til landbruks- og matministeren

Dokument nr. 15:1055 (2023-2024)
Innlevert: 28.01.2024
Sendt: 29.01.2024
Besvart: 02.02.2024 av landbruks- og matminister Geir Pollestad

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Den lenge varsla Dyrevelferdsmeldinga (varsla av regjeringa i desember 2021) står ikkje på den ferske oversikta over proposisjonar og meldingar frå Regjeringa til Stortinget i vårsesjonen 2024 (januar-september).
Kan statsråden garantere at Stortinget får Dyrevelferdsmeldinga i tide til at meldinga kan handsamast og vedtakast i 2024, eller risikerer ein no at vi ikkje har ei ferdig politisk dyrevelferdsmelding før i 2025 - fire år etter at regjeringa starta arbeidet og to år etter det Stortinget har bedt regjeringa om?

Geir Pollestad (Sp)

Svar

Geir Pollestad: Både i Landbruks- og matdepartementet og i Nærings- og fiskeridepartementet blir det lagt ned eit omfattende arbeid med stortingsmeldinga. Vi vil, i tråd med det eg tidlegare har kommunisert, presentere ei Stortingsmelding om dyrevelferd for Stortinget i 2024.