Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:923 (2023-2024) Innlevert: 16.01.2024 Sendt: 16.01.2024 Besvart: 24.01.2024 av landbruks- og matminister Geir Pollestad
Alfred Jens Bjørlo (V): Tine har fått dispensasjon til å bruke «Nyt Norge»-merket på sine yoghurtprodukt sjøl om dei i tida framover vil bli produsert delvis på tysk mjølk.Kva meiner landbruksministeren om ei slik utvatning av Nyt Norge-merkevara, og kva oversikt har departementet over omfanget av andre dispensasjonar som i framtida må bli innvilga til andre produsentar for andre produkt delvis produsert på utanlandske råvarer, av omsyn til prinsipp om likebehandling?
Geir Pollestad: For å bruka Nyt Noreg-merket er det eit krav om at produktet skal innehalde 100 prosent norsk mjølk, egg og kjøt. Stiftinga Norsk Mat kan likevel gi dispensasjon frå kravet i ekstraordinære tilfelle. Dei femten åra Nyt Noreg har eksistert er det tidlegare gitt fire dispensasjon - tre av dei på grunn av vêret/plantesjukdom og ein gong på grunn av koronapandemien. Dispensasjonen som no er gitt, gjeld berre for skummamjølkpulver og for ein avgrensa periode, da det ikkje var mogleg å få produsert opp ny emballasje utan Nyt Noreg-merket. Norske forbrukarar er opptekne av norske råvarer, noko som Nyt Noreg-merket er ein garantist for. At det no blei naudsynt å gi dispensasjon frå kravet om at mjølka skal vere 100 prosent norsk er ein uheldig situasjon, som eg sjølvsagt meiner ein bør unngå så langt som råd. Eg trur likevel det er mogleg å oppretthalde tilliten til Nyt Noreg-merket gjennom tydeleg kommunikasjon ut til forbrukarane om situasjonen, og kva for produkt som no har fått dispensasjon frå krava. Mellom anna har Tine tatt ansvar for å skilta i butikkhyllene slik at forbrukaren blir orientert om at produkta kan innehalda importert mjølkepulver. Eg er kjend med at Stiftinga Norsk Mat, som forvaltar merkeordninga Nyt Noreg, har vore i kontakt med merkebrukarane for å kartlegge om fleire vil bli ramma av mangel på råvare. I tillegg til Tine har Diplom-Is og Fjordland fått dispensasjon for nokre av produkta sine, på grunn av mangelen på norsk mjølkepulver. Utover desse merkebrukarane ser det ikkje ut til at fleire vil bli råka. Av omsyn til prinsipp om likebehandling forventar eg at alle søknadar om dispensasjon frå merkekravet blir handsama på same grunnlag.