Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til landbruks- og matministeren

Dokument nr. 15:1208 (2023-2024)
Innlevert: 10.02.2024
Sendt: 12.02.2024
Besvart: 20.02.2024 av landbruks- og matminister Geir Pollestad

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): På spørsmål frå underteikna nylig ville ikkje landbruks- og matministeren svare på om den varsla stortingsmeldinga om dyrevelferd kjem i vårsesjonen 2024 (Dokument nr. 15:1055 (2023-2024)). Meldinga står heller ikkje på regjeringa si liste til Stortinget over varsla saker i vårsesjonen. I NRK Politisk Kvarter 8/2 sa likevel Fiskeri- og havministeren uoppfordra at stortingsmeldinga om dyrevelferd kjem «før sommeren».
Kan landbruks- og matministeren stadfeste at det er korrekt, og kva er statsrådens definisjon av «før sommeren»?

Geir Pollestad (Sp)

Svar

Geir Pollestad: Som eg tidlegare har svart representanten Bjørlo, vert det i både i Landbruks- og matdepartementet og i Nærings- og fiskeridepartementet lagt ned eit betydeleg arbeid med stortingsmeldinga. Vi vil, i tråd med det eg tidlegare har kommunisert, presentere ei stortingsmelding om dyrevelferd for Stortinget i 2024.