Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til kultur- og likestillingsministeren

Dokument nr. 15:1149 (2023-2024)
Innlevert: 06.02.2024
Sendt: 06.02.2024
Besvart: 13.02.2024 av kultur- og likestillingsminister Lubna Boby Jaffery

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Nasjonalbiblioteket har fått ansvar for å administrere regjeringa sitt årlege internasjonale Fosseforedrag, etablert for å heidre nobelprisvinnaren Jon Fosse frå Vestland. Det er utlyst ei eiga stilling med ansvar for Fosseforedraget og Fossestipendet, med arbeidsstad Oslo.
Kvifor har ikkje regjeringa sørga for å legge stillinga til eit språk- og litteraturfagleg miljø i Bergen/på Vestlandet, og vil det vere mulig for søkarar frå Vestlandet å fjernarbeide derifrå utan å måtte flytte til og ha dagleg fysisk oppmøtestad i Oslo?

Lubna Boby Jaffery (A)

Svar

Lubna Boby Jaffery: Nasjonalbiblioteket har ansvar for norsk litteratur frå dei eldste tider til i dag, og er ein heilt sentral aktør for norsk språk og litteratur. Mellom anna forvaltar dei forfattararkiv og har ansvar for forfattarjubileum. I samband med at Jon Fosse vart tildelt nobelprisen i litteratur for 2023 har regjeringa beslutta og leggje til rette for eit nytt, årvisst tiltak som heidrar forfattaren. Det inkluderer mellom anna ei årleg Fosse-førelesing med tilhøyrande arrangement i regi av Nasjonalbiblioteket og eit Fosse-stipend.
Nasjonalbiblioteket har verdas største samling av materiale av og om Jon Fosse, og bevarer og forvaltar Fosses privatarkiv og alle verka hans. Så lenge verka til Fosse ligg hos Nasjonalbiblioteket meiner eg det er rimeleg at denne stillinga også vert lagt dit. Jon Fosse har sjølv sagt i ein epost til BA at han er samd i at ei slik stilling blir lagt til Oslo.
Eg er trygg på at Nasjonalbiblioteket vil ta hand om arbeidet med Fosse-førelesing og Fosse-stipend på ein god måte. Korleis dette arbeidet vert planlagt og gjennomført er opp til Nasjonalbiblioteket. Eg ser fram til å følgje framveksten av denne nye litterære satsinga i tida som kjem.