Olve Grotle (H): Eg viser til regjeringa si innføring av tolkinga av rammene for midlertidig persontransportkabotasje ret før jul m.v. 1.1.24. Dei fleste planane for sesongen 2024 var allereie lagde då Samferdselsdepartementet offentleggjorde si endring. Normalt må nyanskaffingar bestillast seinast august/september for påfølgjande sesong. Samtidig er det stor mangel på bussjåførar.
Korleis meiner statsråden norsk reiseliv og turbussnæringa skal sikre nok kapasitet neste sesong, og vart denne konsekvensen av forslaget utgreidd i forkant?
Begrunnelse
I pressemeldinga frå 19.12.23 skriv regjeringa at ho har bestemt å innføre ei klar tolking av kva som er tillate persontransportkabotasje i Noreg. Frå 1. januar 2024 vil det berre vere tillate for utanlandske busselskap å utføre persontransport på norske vegar i periodar på maksimalt 20 dagar samanhengande, og maksimalt 30 dagar totalt per kalenderår.
Endringa kjem brått på mange aktørar, og fleire er no usikre på korleis dei skal klare å gjennomføre turistsesongen i 2024. Endringa blir offentleggjort rett før jul, med verknad frå årsskiftet.
Forslaget blir fremja på eit tidspunkt kor mange av planane for innkommande turisme til Noreg allereie er lagde eller er i sluttfasen, og kan difor kome til å ramme delar av norsk reiseliv og reisearrangørar hardt. Det synest ikkje som at kapasitetsutfordringane tiltaket vil medføre for reiselivsnæringa eller turbussnæringa for sesongen 2024 har vore vurderte, heller ikkje norsk turbussnæring si moglegheit til å auke si kapasitet kva gjeld sjåførtilgang og eigna bussmateriell mot sesongen. Når det gjeld tilgang til bussjåførar kan det her nemnast at næringa har uttalt at det manglar 1 300 bussjåførar i dag.
Ut frå rapporten «Kartlegging av persontransportkabotasje» frå Stakeholder kjem det fram at: ”Det er begrensning på fabrikksiden med tanke på nyanskaffelser. Nyanskaffelser må bestilles senest august/september 2023 for levering sesong 2024”, og at: «2024 er for kort tid til å kunne øke. Brukte turbusser er det nesten ikke å oppdrive, nye har leveringstider til våren nå. Sjåfører er nærmest umulig å få tak i, så noen økning før 2025 er urealistisk».