Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:965 (2023-2024)
Innlevert: 19.01.2024
Sendt: 19.01.2024
Rette vedkommende: Energiministeren
Besvart: 26.01.2024 av energiminister Terje Aasland

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Kan klima- og miljøministeren gi ei oversikt over kva mediemerksemd vedtaket om leiting etter og utvinning av havbunnsmineral i Noreg har skapt internasjonalt og korleis norsk utanriksteneste vurderer at vedtaket kan påverke Noreg sitt omdømme som «grøn eksportnasjon», er regjeringa enig med EU-kommisjonen i at utvinning av havbunnsmineral ikkje må skje før tilstrekkeleg konsekvensutgreiing og forskning er på plass og kva signal har regjeringa fått direkte frå EU på vedtaket i Stortinget om å opne for havbunnsmineral?

Begrunnelse

Før vedtaket gjort med støtte av Ap, Sp, Høgre og Frp i Stortinget om åpning for leting etter og utvinning av havbunnsmineraler i Norge, sendte en rekke parlamentarikere i EU brev til norske myndigheter der de ba Norge ikke åpne for slik virksomhet.
I et nytt direktiv om kritiske råvarer som EU er i ferd med å vedta, advares det mot å utvinne mineraler på havbunnen. Denne uka debatterte EU den norske avgjørelsen, der Kommisjonen var helt klare i sin kritikk av den norske avgjørelsen. Kommisjonen understreket at utvinning av havbunnsmineraler ikke skal skje før tilstrekkelig konsekvensutredning og forskning er på plass. Kommisær Wojciechowski sa at Kommisjonen vil følge avgjørelsen til Norge tett, og at de gjennom EU-Norway Green Alliance vil ytre sitt standpunkt og opprettholde dialog. Den generelle oppfatningen i debatten i Parlamentet fulgte i hovedsak de samme linjene som Kommisjonen.

Terje Aasland (A)

Svar

Terje Aasland: Regjeringa gjennomfører ei kunnskapsbasert og berekraftig havforvaltning som balanserer bevaring og berekraftig bruk av havressursane i tråd med prinsippa i Havrettskonvensjonen. Den norske tilnærminga til all havbasert verksemd, inkludert havbotnmineral, er heilt i tråd med desse prinsippa og andre internasjonale forpliktingar som Noreg har slutta seg til. Me følgjer også anbefalingar frå Høgnivåpanelet for ein berekraftig havøkonomi (Havpanelet).
Den 9. januar behandla Stortinget forslaget om å opne eit område på norsk kontinentalsokkel for mineralverksemd, jf. Meld. St. 25 (2022 – 2023) og Innst. 162 S (2023 – 2024). Det er opp til norske styresmakter å forvalte desse ressursane på kontinentalsokkelen, slik også andre land er ansvarlege for å forvalte slike ressursar innanfor sine havområde. EU-kommisjonen har inga rolle knytt til forvaltninga av norske havbotnmineralressursar. I område utanfor nasjonal jurisdiksjon blir det arbeidd internasjonalt, i regi av Den internasjonale havbotnstyresmakta under havrettskonvensjonen, med å bli einige om regulering av eventuell havbotnmineralverksemd i slike område.
Med Stortingets tilslutning er det no etablert eit rammeverk for ei stegvis og forsvarleg utvikling av havbotnmineralverksemd på norsk kontinentalsokkel, basert på ei føre-var-tilnærming. Omsynet til miljø og tryggleik vil takast vare på i alle fasar av verksemda. Noreg skal vere verdsleiande når det gjeld ei fakta- og kunnskapsbasert forvaltning av havbotnmineralressursane som er heilskapleg, berekraftig og forsvarleg.
Havbotnmineralverksemd under havbotnminerallova vil bli gjennomført innanfor relevante internasjonale forpliktingar som Noreg har slutta seg til; under dette havrettskonvensjonen og konvensjonen for biologisk mangfald.
Det har i lengre tid vore betydeleg interesse i pressa, både i Noreg og internasjonalt, for mineralverksemd på havbotnen. Det har som del av dette også vore interesse for prosessen med å opne område for mineralverksemd på norsk kontinentalsokkel.
Eg har blitt gjort kjent med at Utanriksdepartementet har henta inn rapportering frå relevante land om saka. Det varierer i kor stor grad denne saka har blitt omtalt i ulike land. I Danmark, Sverige, Brasil, Frankrike, Spania, Island og Storbritannia har saka fått relativt mykje merksemd. Utanriksdepartementet opplyser om at dei vil halde fram med å monitorere mediedekninga og søkje å nyansere og oppklare misforståingar og unyansert informasjon om saka. Dette handlar spesielt om å klargjere prosessen for kunnskapsinnhenting. Noreg er ein ansvarleg havnasjon som legg kunnskapsbasert og berekraftig havforvaltning til grunn. Dette gjeld alle eksisterande og nye havnæringar, inkludert havbotnmineral.
Auka tilgang til mineral er avgjerande for verdas overgang til eit lågutslippssamfunn.
Mineral frå havbotnen, inkludert frå Noreg, kan på sikt spele ei viktig rolle i framtidig forsyning av metall, dersom utvinning kan skje på ein lønsam og berekraftig måte. Noreg har eit ansvar for å forvalte også desse naturressursane på ein ansvarleg og kunnskapsbasert måte. Regjeringa legg derfor opp til ei stegvis tilnærming til havbotnmineralverksemd og vil etter ei opning velje ut mindre, avgrensa område som i første omgang vil bli gjort tilgjengelege for leiting og kartlegging. Løyva vil bli fulgt av krav om konsekvensutgreiing, kunnskapsinnhenting og datainnsamling. Det er først når rettshavaren kan dokumentere at utvinninga kan skje på ein berekraftig og forsvarleg måte, og dei har fått godkjent ein konkret plan for utvinning av mineralførekomsten av styremaktene, at eventuell utvinning kan starte.
I dag blir viktige mineral som samfunna våre er avhengig av, ofte utvunne på stader med dårlegare miljøstandardar og arbeidstakarrettar enn det me normalt vil vere kjent av. Me har et moralsk ansvar også for korleis me får tak i innsatsfaktorane som me er så avhengige av å få tak i.
I tillegg til leiteaktivitet som blir utført av kommersielle aktørar, vil staten som ressurseigar halde fram med kartlegginga av norske havbotnmineral og setje i gang ein prosess for å hente inn miljøkunnskap også i statleg regi for områda som blir opna for havbotnmineralverksemd for å leggje til rette for ei effektiv og stegvis utforsking frå næringa og for å styrkje kunnskapsgrunnlaget til staten. Regjeringa vil og opprette ei målretta og heilskapleg satsing i regi av Noregs forskingsråd på forsking og innovasjon for å styrkje kunnskapen om miljø- og naturverdiar i djuphavet og føresetnadene for berekraftig utvinning av havbotnmineral, inkludert berekraftige teknologiar og løysingar. Regjeringa vil òg etablere ein møteplass for dialog mellom næring, forskingsmiljø og styresmakter som kan gi innspel til korleis forskingsinnsatsen best kan målrettast.
Regjeringa har høge ambisjonar for grøn omstilling, næringsfremje og eksportsatsing. Noreg må utnytte dei mange økonomiske og industrielle moglegheitene som ligg i den grøne omstillinga. På ei rekkje område har norsk næringsliv nødvendige føresetnader, ressursar og kompetanse som er avgjerande for å lukkast i dette arbeidet, f.eks. innanfor energi, industri og maritime næringar. Dette gjer norske industri- og næringsaktørar til attraktive partnarar. Når forvaltning av havbaserte ressursar skjer på en berekraftig måte, vil det leggje grunnlag for ein framleis sterk posisjon for norsk næringsliv og eksport i internasjonale marknader.
Regjeringa arbeider med å kommunisere internasjonalt, under dette med EU, for å få fram at prosessen er i tråd med ei kunnskapsbasert og berekraftig havforvalting. Dette gjer me for å unngå at Noregs omdømme som ansvarleg havnasjon blir svekka. Det er interesse for informasjon og dialog om dette hos europeiske partnarar.