Olve Grotle (H): Viser til svaret til statsråden på skriftleg spørsmål 977, der han ikkje svarer på spørsmålet om timinga av forslaget, som gjer det vanskeleg for næringa å sikre nok materiell til sesongen 2024. Samt få tak i nok sjåførar.
Kan eg be om at statståden svarer på korleis han meiner norsk reiseliv og turbussnæringa skal sikre nok kapasitet neste sesong, og om denne konsekvensen av forslaget vart utgreid i forkant?
Begrunnelse
Statsråden gir ei heilt grei forklaring for kvifor regjeringa har innført tolkinga, men svarer ikkje på spørsmålet om timinga og moglegheita for næringa til å tilpasse seg nye reglar i tide før ein ny sesong. I rapporten, som også statsråden viser til vart dette problematisert, og understreka at endringar i 2024 er urealistisk:
"Det er begrensning på fabrikksiden med tanke på nyanskaffelser. Nyanskaffelser må bestilles senest august/september 2023 for levering sesong 2024"
og at:
«2024 er for kort tid til å kunne øke. Brukte turbusser er det nesten ikke å oppdrive, nye har leveringstider til våren nå. Sjåfører er nærmest umulig å få tak i, så noen økning før 2025 er urealistisk».