Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:1286 (2023-2024)
Innlevert: 18.02.2024
Sendt: 19.02.2024
Besvart: 23.02.2024 av kommunal- og distriktsminister Erling Sande

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Er kommunalministeren enig med Landstinget i KS i at arealnøytralitet bør vere hovedregelen for arealbruk i kommunane ved fortetting i allereie utbygde område og samarbeid om fordeling av funksjonar og infrastruktur på tvers av kommunegrenser, og korleis vil statsråden sørge for at kommunene har kompetanse, verktøy og ressursar til nødvendig arbeid med naturkartlegging, arealrekneskap, arealbudsjett, klimarekneskap og klimabudsjett for at Noreg kan nå forpliktingane i Parisavtalen, Naturavtalen og klimaavtalen med EU?

Erling Sande (Sp)

Svar

Erling Sande: Kommunane har ein sentral rolle i arealforvaltninga. Kommunane har også eit ansvar for å utvikle både små og store lokalsamfunn, leggje til rette for verdiskaping og utvikle gode stader å bu, leve og arbeide over heile landet. 83 % av landets areal forvaltast gjennom planar etter plan- og bygningslova, og kommunane har som planmyndigheit ei viktig oppgåve i å legge til rette for lokal utvikling, ta vare på viktig natur og bidra til omstilling til lågutsleppssamfunnet. Regjeringa har i Nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging 2023-2027 oppfordra kommunane til å sette seg mål for å redusere nedbygginga av areal. Vi oppfordrar òg kommunane om å vurdere å ta ut eller redusere omfanget av utbyggingsareal som ikkje lenger er like aktuelle ved revisjon av kommuneplanens arealdel. Dette er tydelige signal om at vi tar klima- og naturkrisa på alvor.
Mellom 50 og 100 kommunar har vedteke eit mål om arealnøytralitet i ein eller annan form, i følgje Klimautvalet 2050. Utvalet definerer arealnøytralitet som «å stanse tap av natur og restaurere like mye natur som bygges ned». Ein viktig del av planprosessane i kommunane er å kartlegge og sikre naturmangfald, jordbruksareal, friluftsområde, overordna grønstruktur, kulturmiljø og landskap blir kartlagde, og at samla verknader av eksisterande og planlagd arealbruk blir lagd vekt på i konsekvensutgreiingar. Klima- og miljødepartementet har i rundskriv T-2/16 uttalt kva for natur som er av nasjonal og vesentleg regional interesse.
Norske kommunar er opptekne av å ta vare på ressursane sine, og eg har tiltru til at kommunane ser viktigheita av å ha eit oppdatert kunnskapsgrunnlag, og at dei gjer gode vurderingar. Kommunal- og distriktsdepartementet ga i 2023 ut ein rettleiar om bruk av arealrekneskap i kommuneplanprosessar. Rettleiaren omtaler kvifor og når eit arealrekneskap kan utarbeidast og korleis dei kan bruke og formidle det gjennom dei ulike stega i planprosessen. Vi veit at det er skilnader mellom kor mykje plankapasitet som finns i kommunane. Difor har det vore viktig for oss å utarbeide eit verktøy som alle kommunar kan ta i bruk umedelbart. Regjeringa er også i gang med å sjå nærare på behovet for verktøy og rettleiing rundt klimaomsyn i kommunal arealplanlegging. Mange kommunar planlegg nå for nye næringar. Regjeringa forventar at næringsareal blir planlagd med eit regionalt perspektiv, og at energibruk, krafttilgang, gjenbruk og meir effektiv utnytting av eksisterande næringsareal og infrastruktur inngår i planvurderingane. Kommunal- og distriktsdepartementet er i gang med å utarbeide ein rettleiar om planlegging av grøn industri, som ei oppfølging av vegkart for grønt industriløft. Målet er å sikre rett lokalisering av grøn industri og minimere negative verknadar for miljø og samfunn.
Regjeringa kjem også med fleire meldingar til Stortinget som vil tydeleggjere arealpolitikken og styrke kommunane sitt grunnlag for å gjere heilskaplege og gode vurderingar i arealforvaltninga.