Skriftlig spørsmål fra Olve Grotle (H) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1191 (2023-2024)
Innlevert: 09.02.2024
Sendt: 09.02.2024
Besvart: 16.02.2024 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Olve Grotle (H)

Spørsmål

Olve Grotle (H): Kan statsråden opplyse om kor mykje billegare enn budsjettert dei to prosjekta RV5 Kjøsnestunnelen og E39 Myrmel-Lunde samla sett vart i 2024-kroner, kva meiner statsråden er årsaka til at prosjekta vart billegare, og meiner han det er lærdom i korleis ein har bygd veg i Sunnfjord dei siste ti åra som kan overførast til andre samferdselsprosjekt?

Begrunnelse

På eit drygt år har det blitt opna to nye prosjekt i Sunnfjord. Både RV5 Kjøsnestunnelen og E39 Myrmel-Lunde har vorte bygd under budsjett. Og dei siste ti åra har det vorte gjennomført fire prosjekt på E39 og RV5 som i følgje prosjektleiar Ole Martin Lilleby i Statens vegvesen samla sett har vore levert 11 prosent under styringsrammene.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Eg hadde gleda av å opne riksvegprosjektet E39 Myrmel – Lunde i Sunnfjord kommune den 6. februar i år. Prosjektet har ei styringsramme på 681 millionar kroner. Kontrakten med entreprenøren går fram til sommaren for å få gjort ferdig dei siste delane av anlegget, og difor er det ikkje eit endeleg sluttoppgjer for dette prosjektet endå. Statens vegvesen opplyser at prognosen for prosjektet gir ein sluttkostnad som er om lag 40 millionar kroner under styringsramma.
Prosjektet rv. 5 Kjøsnesfjordtunnelen som opna for trafikk i november 2022, har ei styringsramme på 1 573 millionar kroner. Her har Statens vegvesen opplyst at sluttkostnaden er 1 245 millionar kroner. Dette svarar til 328 millionar kroner under styringsramma.
Staten vegvesen peiker på fleire årsaker til at ein har lykkast med å bygge desse prosjekta til ein kostnad under styringsramma. Gode geologiske forundersøkingar har bidrege til at det har vore lite avvik under bygginga. Tilboda frå entreprenørane har stemt godt med venta kostnadsoverslag og budsjett og ein har fått til eit godt samarbeid med entreprenørane og god økonomioppfølging i prosjekta.
På Myrmel – Lunde har det og vore betre forhold enn venta, og behovet for fjellsikring i tunnelen vart mindre enn anteke på førehand.
Til slutt kan det peikast på at Statens vegvesen som byggherre har god fagkompetanse og har følgt opp entreprenørane tett. På begge prosjekta har Statens vegvesen brukt forhandling ved kontraktsinngåing. Bruk av forhandling skal no vere standard ved inngåing av alle nye investeringskontraktar i Statens vegvesen. Forhandling gjer at både entreprenør og byggherre har felles oppfatning av utfordringane og tiltaka som skal gjennomførast.