-
Dokument nr. 15:1451 (2023-2024)
Innlevert: 06.03.2024
Sendt: 06.03.2024
Besvart: 12.03.2024 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård
Kan samferdselsministeren leggje fram detaljert planleggingsstatus for ny Rv 15 Strynefjellet med arm til Geiranger, med forventa tidsakse frå eventuell prioritering i ny NTP til reell utbyggingsoppstart av dette prosjektet?
-
Dokument nr. 15:1450 (2023-2024)
Innlevert: 06.03.2024
Sendt: 06.03.2024
Besvart: 11.03.2024 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård
Kan samferdselministeren svare meg, og ikkje forsøk med å unnlate å svare på spørsmålet skikkeleg – kva konkrete konsekvensar har det fått, og kva tiltak har samferdselsministeren sett i verk inn mot å rydde opp i forholda i Statens vegvesen region midt sine åpenbare uryddige, udemokratiske, og ulovlege prosessar opp mot skandaleprosjektet Møreaksen?
-
Dokument nr. 15:1440 (2023-2024)
Innlevert: 04.03.2024
Sendt: 04.03.2024
Besvart: 11.03.2024 av helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol
Stemmer påstanden fra statssekretæren at det vil koste nærmere ti milliarder kroner å «skrote helseplattformen», i så fall ber jeg om å få regnestykke?
-
Dokument nr. 15:1424 (2023-2024)
Innlevert: 03.03.2024
Sendt: 04.03.2024
Besvart: 11.03.2024 av justis- og beredskapsminister Emilie Mehl
Kva er grunnen til at det ikkje er mogleg for norske styresmakter å bistå personar med visum og opphaldsløyve, utan tidlegare opphald i Norge, konsulær bistand til å kome seg ut av Gaza i den unntakstilstanden som er der no?
-
Dokument nr. 15:1423 (2023-2024)
Innlevert: 03.03.2024
Sendt: 04.03.2024
Besvart: 14.03.2024 av helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol
I ein rapport slakter Oslo Economics saksgrunnlaget for Helse Midt Norge RHF sitt vedtak om å overkøyre Helse Møre og Romsdal sitt råd om å utsetje innføring av Helseplattformen i Møre og Romsdal. Rapporten konkluderer med at «saksgrunnlaget ikke står i forhold til alvorligheten i beslutningen».
Kva ansvar har helseministeren som øvste politiske leiar for å gripe inn i tide og sørg for pasientsikkerheita i Møre og Romsdal når statsråden er gjort kjent med at saksgrunnlag for vedtaket i om overkøyring ikkje held mål?
-
Dokument nr. 15:1350 (2023-2024)
Innlevert: 24.02.2024
Sendt: 26.02.2024
Rette vedkommende: Kommunal- og distriktsministeren
Besvart: 05.03.2024 av kommunal- og distriktsminister Erling Sande
Er det Statsforvaltaren eller statsråden som tar ansvaret ved ulykker i Stranda sentrum i framtida, når plan og bygningslova no blir grundig sett til side der ein dispensasjon skal vere til vesentlig meir gang eller ulemper, og det i dette tilfellet er ein saksbehandlar hjå Statsforvalteren på Molde som utan synfaring, utan å bry seg om lokalt sjølvstyre ved samrøystes vedtak samt massiv motstand frå befolkninga beviser dette, likevel velger Statsforvaltaren å trosse absolutt alle grunnlag, og tar såleis på seg et alvorlig ansvar?
-
Dokument nr. 15:1349 (2023-2024)
Innlevert: 24.02.2024
Sendt: 26.02.2024
Rette vedkommende: Kommunal- og distriktsministeren
Besvart: 05.03.2024 av kommunal- og distriktsminister Erling Sande
Kan statsråden forklare kvifor Statsforvaltaren i denne saka har brote absolutt alle formål i reguleringsplan og arealplan for Stranda sentrum med tanke på trafikktryggleik jamf. juridisk bindande planar, der kommunen to gongar har avslått disp. søknad med bakgrunn i dette, samt barnas representant likeså, der Statsforvaltaren heller ikkje har brydd seg eit komma om det lokale sjølvstyret jf. forvaltningslova § 34, kommune er tilsidesatt, innbyggjarane likeså, og at dette ikkje kan påklagast, og er dette lokalt sjølvstyre?
-
Dokument nr. 15:1314 (2023-2024)
Innlevert: 22.02.2024
Sendt: 22.02.2024
Besvart: 29.02.2024 av kommunal- og distriktsminister Erling Sande
Når planlegg regjeringa å leggje fram ei ny og meir treffsikker bustøtteordning for hushaldningar med lave inntekter og høge boutgiftar?
-
Dokument nr. 15:1272 (2023-2024)
Innlevert: 16.02.2024
Sendt: 19.02.2024
Besvart: 26.02.2024 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård
Snakkar KrF-ordføraren i Aukra kommune usant om at det er bevilga og utbetalt 25 million kr til arkeologiske utgravingar på Sundsbøen til dekking av kostnadar for felles riggområde for både Møreasken som er staten sitt ansvar og for Kjerringsundet som er kommunen/fylket sitt ansvar, og er det fortsatt samferdselsministeren som snakkar sant når han hevdar at ikkje ei krone er forbrukt frå Aukra kommune sine løyvingar på 25 million kr til statlege utgifter for arkeologiske utgravingar for Møreaksen prosjektet, og kven snakkar sant?
-
Dokument nr. 15:1245 (2023-2024)
Innlevert: 14.02.2024
Sendt: 15.02.2024
Besvart: 20.02.2024 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård
Kan samferdselsministeren forklare rasjonale ved at all offentlig transport og offentlig innkjøp av bilar, varebilar og buss med krav om elektrifisering som i realiteten er omtalt som nullutslipp, i det heile tatt er vurdert med tanke på realisme, konsekvens ang. straumkapasitet, ladekapasitet, linjekapasitet, og kva mengder straum som behøves til dette, eller korleis dette i all verdens rike kan vere beredskapsmessig forsvarleg for Norge i krise eller krig?
-
Dokument nr. 15:1242 (2023-2024)
Innlevert: 14.02.2024
Sendt: 14.02.2024
Besvart: 22.02.2024 av kommunal- og distriktsminister Erling Sande
Kva er grunngjevinga for å ha ulik prosentandel for inntektsutjamning i fylkeskommunene og kommunene sitt inntektssystem?
-
Dokument nr. 15:1237 (2023-2024)
Innlevert: 14.02.2024
Sendt: 14.02.2024
Besvart: 21.02.2024 av forsvarsminister Bjørn Arild Gram
Når mener statsråden Norge vil nå «2-prosentmålet», vil det inkludere midlene som brukes til Ukraina, og hvilke land tar Ukraina støtten inn i «2-prosentmålet»?
-
Dokument nr. 15:1233 (2023-2024)
Innlevert: 13.02.2024
Sendt: 14.02.2024
Besvart: 20.02.2024 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård
Kan samferdselsministeren leggje fram kva berekna kostnadsauke dette klima- og miljøkravet i anskaffelser vi medføre i praksis for bygging av alle samferdselsprosjekt i fylkeskommunal og statleg regi i framtida?
-
Dokument nr. 15:1180 (2023-2024)
Innlevert: 08.02.2024
Sendt: 09.02.2024
Besvart: 21.02.2024 av helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol
Kan statsråden garantere at alle feil som er vurdert å ha konkret risiko for pasientsikkerheten i Helseplattformen er rettet?
-
Dokument nr. 15:1176 (2023-2024)
Innlevert: 08.02.2024
Sendt: 08.02.2024
Besvart: 15.02.2024 av helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol
Kan statsråden redegjøre for det detaljerte regnestykket med hva som forventes å bli faktiske merkostnader ved å utsette innføringen av Helseplattformen i Helse Møre og Romsdal og som viser brutto- og nettoutgifter, der det i nettokostnader trekkes fra de merkostnadene en innføring vil medføre?
-
Dokument nr. 15:1164 (2023-2024)
Innlevert: 07.02.2024
Sendt: 07.02.2024
Besvart: 15.02.2024 av justis- og beredskapsminister Emilie Mehl
Ei gravid tobarnsmor av hazara folket blir utvist etter 10 år i Noreg. SV inngjekk forlik med regjeringa før jul om at foreldre til barnas beste som hovudregel skal ileggast tilleggstid istadenfor å utvisast.
Vil justisministeren be utlendigstyresmaktene om å stille denne og liknande saker i bero til regelendringa er iverksett?
-
Dokument nr. 15:1156 (2023-2024)
Innlevert: 06.02.2024
Sendt: 06.02.2024
Besvart: 09.02.2024 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård
Kan samferdselsministeren leggje fram kva andre prosjekt under Statens vegvesen sin regi, der såkalla "referansegrupper" blir nytta og eg ber om at det vert lagt ved mandat til desse gruppene og at alle referat frå desse møta frå 1/1-2023 og fram til i dag blir lagt fram?
-
Dokument nr. 15:1152 (2023-2024)
Innlevert: 06.02.2024
Sendt: 06.02.2024
Besvart: 09.02.2024 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård
Kan samferdselsministeren leggje fram for meg absolutt alle transaksjoner inn og ut frå Statens vegvesen ang arkeologiske utgravingar og grunnundersøkelsar for prosjektet Møreaksen, som også innbefattar alle transaksjonar mellom Statens vegvesen sjølv samt deira utøvande oppdragspartnere for arkeologiske utgravingar og grunnundersøkelsar, samt mellom Statens vegvesen og Aukra kommune, Kjerringsundet as, Møreaksen AS?
-
Dokument nr. 15:1121 (2023-2024)
Innlevert: 02.02.2024
Sendt: 02.02.2024
Rette vedkommende: Landbruks- og matministeren
Besvart: 12.02.2024 av landbruks- og matminister Geir Pollestad
Hvilke tiltak mener næringsministeren bør gjennomføres for å styrke tilgangen på norsk førstesortert saueull?
-
Dokument nr. 15:1091 (2023-2024)
Innlevert: 31.01.2024
Sendt: 01.02.2024
Besvart: 05.02.2024 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård
Vil samferdselsministeren fortsatt bekrefte at det ikkje er forbrukt midlar frå det ulovlege lånet som Statens vegvesen region midt tok opp med Møreaksen as på 55 million kroner, og at det heller ikkje er betalt ut midlar frå Aukra kommune til statens vegvesen eller til selskap som har utført oppdrag på vegner av Statens vegvesen ikring prosjektet Møreasken, med andre ord om det er brukt midlar til prosjektet Møreaksen som Statens vegvesen IKKJE har fått løyvd gjennom statsbudsjettet?