Skriftlig spørsmål fra Birgit Oline Kjerstad (SV) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:1314 (2023-2024)
Innlevert: 22.02.2024
Sendt: 22.02.2024
Besvart: 29.02.2024 av kommunal- og distriktsminister Erling Sande

Birgit Oline Kjerstad (SV)

Spørsmål

Birgit Oline Kjerstad (SV): Når planlegg regjeringa å leggje fram ei ny og meir treffsikker bustøtteordning for hushaldningar med lave inntekter og høge boutgiftar?

Begrunnelse

Bustøtta er viktig for å sikre at personar med låge inntekter og høge buugifter har råd til ein høvelig bustad. Ifølgje vedtak nr. 931, 16. juni, 2023, skulle regjeringa «[…] i statsbudsjettet for 2024 fremme forslag om endringer i bostøtteregelverket som gjør ordningen mer treffsikker for husholdninger med lave inntekter og høye boutgifter.» Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 118 S (2022–2023). Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2023 og Innst. 490 S (2022–2023).
Regjeringa skriv i statsbudsjett for 2024 at departementet no arbeider med å følgje opp ekspertgruppa og at regjeringa vil kome tilbake på eit seinare tidspunkt.
Bustøtta har fleire gonger vore mellombels styrka , mellom anna for å hjelpe mottakarane når straumprisane har vore ekstra høge. I tillegg til å gi ei ekstra straumstøtte til bustøttemottakarar, har det og vore vedteke mellombelse endringar i buustøtteregelverket, som inneber markant høgare innntektsgrenser og dermed vesentleg flerie bustøttemottakarar enn i det ordinære regelverket. Disse mellombelse ordningane går ut mars 2024. Mange bustøttemottakere vil no risikere å miste heile bustøtta si.

Erling Sande (Sp)

Svar

Erling Sande: Bustøtta skal gjere det enklare for husstandar med låge inntekter å skaffe seg og behalde ein eigna bustad, ved å hjelpe dei med å betene høge buutgifter. Ekspertgruppa som vart sett ned i 2020 for å gjennomgå bustøtta, leverte sin rapport i mai 2022. Dei peiker på fleire problemstillingar som departementet jobbar med. Oppfølging av oppmodningsvedtaket som det blir vist til, er ein del av dette arbeidet.
Snart presenterer regjeringa ei stortingsmelding om bustadpolitikken. Bustøtta er eit viktig i bustadpolitisk verkemiddel, og får ei grundig omtale i meldinga.
Bustøtta er prioritert dei siste åra. I 2024-budsjettet slår vi fast at etterbetalingane som kjem etter trygdeoppgjeret i mai, ikkje skal redusere bustøtta i juni. Vidare blir bustøtte styrka 1. juli, slik at dei som har minstesats av uføretrygd, arbeidsavklaringspengar eller kvalifiseringsstønad, ikkje får mindre bustøtte enn før når desse satsane aukar.
Dei mellombelse bustøttereglane som gjeld i dag, blei vedtekne i desember 2021. Da var det klart at dei nettopp skulle vere mellombelse. Det var ein særskilt situasjon med svært høge straumprisar, og det var behov for raske tiltak. Sidan det har tiltaket av blitt forlenga fleire gonger – og det av gode grunnar. Dels har det handla om høge straumprisar og dels om den generelle prisauken i samfunnet. I budsjettet for 2024 vedtok Stortinget med støtte frå SV den siste forlenginga fram til 1. april. Straumprisane er ikkje lenger så høge som dei var, og den generelle straumstønadsordninga for hushald er god.