Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1091 (2023-2024)
Innlevert: 31.01.2024
Sendt: 01.02.2024
Besvart: 05.02.2024 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Vil samferdselsministeren fortsatt bekrefte at det ikkje er forbrukt midlar frå det ulovlege lånet som Statens vegvesen region midt tok opp med Møreaksen as på 55 million kroner, og at det heller ikkje er betalt ut midlar frå Aukra kommune til statens vegvesen eller til selskap som har utført oppdrag på vegner av Statens vegvesen ikring prosjektet Møreasken, med andre ord om det er brukt midlar til prosjektet Møreaksen som Statens vegvesen IKKJE har fått løyvd gjennom statsbudsjettet?

Begrunnelse

Samferdselsministeren har i tidligare spørsmål frå meg ang det ulovlege lånet frå Statens vegvesen region midt som vart teke opp i samband med prosjektet Møreaksen med selskapet Møreaksen as.
Statsråden har i svar på skriftleg spørsmål frå meg bekrefta at dette lånet ikkje er lovleg og at statens vegvesen skulle oppheve dette.
Samferdselsministeren har også svart at Statens vegvesen ikkje har brukt noko av pengane av disse 55 mill. kr som var opptatt i dette ulovlege lånet.
Det blir no hevda at det i budsjett/økonomiplanen i 2023 til Aukra kommune som også er ei kommune som står sentralt bak Møreaksen as, står det omtalt og at det blir vist til dette lånet på 55 million kr, der det angjeveleg skulle vere utbetalt 25 million kr til oppdrag utført for Statens vegvesen.
Signala som har kome er at det er rekningar som har kome direkte frå eksterne selskap som på oppdrag frå Statens vegvesen har utført grunnundersøkelsar eller andre oppdrag ikring Møreaksen.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Eg viser til skrifteleg spørsmål nr. 987 og 988 frå same representant om same sak og svar på disse.
Statens vegvesen har ikkje tatt opp lån hos Kjerringsundet AS eller Aukra kommune.
Statens vegvesen og NTNU Vitenskapsmuseet har inngått ein avtale om utføring av arkeologiske undersøkingar for både E39 Ålesund–Molde og Kjerringsundet. Statens vegvesen har fortløpande vidarefakturert Kjerringsundet AS sin del av arbeidet. Kjerringsundet AS eller Aukra kommune har ikkje forskottert Statens vegvesen for arbeidet på prosjekta E39 Ålesund–Molde og Kjerringsundet.
Statens vegvesen har betalt for sine forpliktingar ifm. dei arkeologiske undersøkingane, eit beløp på 5 mill. kr. Eg minner representanten om at Statens vegvesen har løyve til å bruke midlar til førebuande arbeider, også på prosjekt som ikkje har vedtatt kostnadsramme i Stortinget. Desse blir omtala i Prop. 1 S viss dei er anslått å overstige 25 mill. kr i det enkelte budsjettår.