Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1350 (2023-2024)
Innlevert: 24.02.2024
Sendt: 26.02.2024
Rette vedkommende: Kommunal- og distriktsministeren
Besvart: 05.03.2024 av kommunal- og distriktsminister Erling Sande

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Er det Statsforvaltaren eller statsråden som tar ansvaret ved ulykker i Stranda sentrum i framtida, når plan og bygningslova no blir grundig sett til side der ein dispensasjon skal vere til vesentlig meir gang eller ulemper, og det i dette tilfellet er ein saksbehandlar hjå Statsforvalteren på Molde som utan synfaring, utan å bry seg om lokalt sjølvstyre ved samrøystes vedtak samt massiv motstand frå befolkninga beviser dette, likevel velger Statsforvaltaren å trosse absolutt alle grunnlag, og tar såleis på seg et alvorlig ansvar?

Begrunnelse

Kommunane er planmyndigheit også gjeldande dispensasjonssøknader som omhandlar vegformål, trafikktrygging, gang og sykkelveg, hensyn til barn og unge og trygg ferdsel, og avstandskrava til veglinje.
Stranda kommune i Møre og Romsdal, har vurdert søknaden frå Fjord 1 som søkte dispensasjon frå reguleringsplanen for Stranda sentrum for oppsett av eit gedigent ladebygg midt i Stranda sentrum. Kommunen har to gongar klart sakt nei til dette ved to behandlingar i kompetent organ.
Kommunen har i henhold til gjeldande lovverk, teke hensyn til alle faktorar som kommunen har ansvaret for, og kom fram til at plassering av ein ladestasjon som ikkje støttar krava i reguleringsplanen for Stranda sentrum, på dei fleste føremål og hensynsområder ang trafikk, veg, veglova samt forholdet for trygg ferdsel i eit trafikkert sentrumsområde.
Grunngjeving for plassering av dette ladeanlegget midt i Stranda sentrum, som bryt alle føresegner, lovverk omtalt ovanfor, er at ladeanlegget må ligge heilt inn til ferjekaia pga. problem med kabling vert det hevda.

"Samtidig har Fjord 1 omsøkt same tiltaket med ladeanlegg på andre sida av fjorden, der det brått ikkje er problem med lang kabling frå ladestasjonen til ferjekaia."

Frå sentrale hold innan det lokale E-verket, er det hoderysting over argumentasjonen til Fjord 1, der det klart og tydeleg kjem fram at kabling til og frå ladestasjon til ferjekaia overhode ikkje er noko problem.

"Ein kabel, er ein kabel, her dreiar det seg sannsynligvis meir om kostnadar."

Statsforvaltaren behandlar klagesak frå Fjord 1, og gjev søkjaren fullt medhald, der dei samtidig overkøyrer det lokala sjølstyret fullstendig, trafikktryggheita for gåande og syklande i Stranda sentrum blir ikkje levna ein tanke. Likeså dei massive protestane frå befolkninga som faktisk bur der.

"Statsforvaltaren tar seg heller ikkje bryet med ein biltur frå Molde til Stranda, for å faktisk sjå på saka eller drøfte dette med dei skadelidane eller kommuna."

Det er regulert inn cruisekai midt i Stranda sentrum, samt anlegg for mindre passasjerbåtar, reguleringsplanen er lagt til grunn for at svært mange personar kan ferdast trygt i Stranda sentrum, dette blir no grundig torpedert.
Trafikktryggleiken blir sett til side av Statsforvaltaren i Stranda sentrum.

Erling Sande (Sp)

Svar

Erling Sande: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal er som klageinstans ansvarleg for å fatta eit forsvarleg vedtak. Dei er likevel ikkje ansvarleg for all etterfølgjande prosjektering og utføring av konkrete tiltak. I mange plansaker og dispensasjonssaker er trafikktryggleik eit relevant omsyn. Dette gjeld òg den konkrete saka i Stranda kommune som er teke opp i spørsmålet frå representanten.
Basert på dei opplysningane eg har, ser det ut til at Statens vegvesen som sektorstyresmakt ikkje har hatt merknader til det aktuelle tiltaket, og plan- og bygningsstyresmaktene må leggja vurderinga til fagstyresmaktene til grunn. Saka frå Stranda kommune er ikkje handsama av departementet, og eg har derfor ikkje grunnlag for å uttale meg nærmare om forhold ved det konkrete ladeanlegget.