Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1272 (2023-2024)
Innlevert: 16.02.2024
Sendt: 19.02.2024
Besvart: 26.02.2024 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Snakkar KrF-ordføraren i Aukra kommune usant om at det er bevilga og utbetalt 25 million kr til arkeologiske utgravingar på Sundsbøen til dekking av kostnadar for felles riggområde for både Møreasken som er staten sitt ansvar og for Kjerringsundet som er kommunen/fylket sitt ansvar, og er det fortsatt samferdselsministeren som snakkar sant når han hevdar at ikkje ei krone er forbrukt frå Aukra kommune sine løyvingar på 25 million kr til statlege utgifter for arkeologiske utgravingar for Møreaksen prosjektet, og kven snakkar sant?

Begrunnelse

Eg har varsla at eg kom til å kreve innsyn i Aukra kommune sin utbetaling av 25 million kr av det tilviste "lånet" på 55 million kroner som var avtalt mellom Kjerringsundet as/Aukra kommune og Statens vegvesen.
Dette for å forsikre meg om at Samferdselsministeren opplyste meg rett i Stortinget under siste ordinære spørjetime, då han hevda at det ikkje var brukt pengar frå Aukra kommune til statlege oppgåver til prosjektet Møreaksen som Statens vegvesen har ansvaret for, og at det IKKJE var forbrukt pengar frå Aukra kommune ref. den ulovlege låneavtalen mellom Aukra kommune/Kjerringsundet og Statens vegvesen.
No trenger eg derimot ikkje lenger kreve eit slik innsyn i Aukra kommune sine utbetalingar av dei omtalte 25 million kronene, rett og slett fordi KrF ordføraren i Aukra kommune har bekrefta at 25 million kr er utbetalt til arkeologiske utgravingar på Sundsbøen for felles riggområde for Møreaksen og Kjerringsundet prosjekta.
Sitat frå Romsdals budstikke den 15/2-2024:

"For å holde framdrift i prosjektet har Aukra kommune bevilget pengar til arkeologiske utgravingar ved Sundsbøen, der Kjerringsundet og Møreaksen planlegg å ha felles riggområde."

Dette betyr i klartekst, at Aukra kommune har betalt ut til Kjerringsundet as 25 million kr som har blitt brukt til arkeologiske utgravingar for både kommunale kostnadar til Kjerringsundet, og til staten sine kostnadar for Møreaksen gjeldande felles riggområde for desse prosjekta.
Det er kun Stortinget som kan løyve pengar til staten sine utgifter, og det høyrer altså med til realiteten at samferdselministeren må svare korrekt til Stortinget og heller ikkje kome med villedende opplysningar til Stortinget etter grunnlova sin § 82.
Dette her begynner etterkvart å bli ei alvorleg sak, der eg som Stortingsrepresentant begynner å føle meg svært så usikker på kven eg faktisk har tillit til,

-Det ER bekrefta at Statens vegvesen alt i 2021 gjekk inn ein ulovleg forskotteringsavtale på heile 55 million kr med Aukra kommune/Kjerringsundet som i realiteten er eit ulovleg lån.
-Dette ER brudd på grunnlova sin § 75.
-Det er også fakta at departementet viste om avtalen alt i 2021.
-Det er fakta at dette også har vore forelagt Vegdirektøren i 2021/22.
-Verken departementet eller Vegdirektøren reagerte.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Eg viser til spørsmål nr. 987, 988, 1091, 1152 og 1156 frå representant Sve om same sak og svar på desse.
Eg håpar no at vilkåra i avtalen med Kjerringsundet AS er tilstrekkeleg forklart til representant Sve i svar på spørsmåla nemnt over. Eg vil likevel gjenta at det i juni 2021 blei inngått ein avtale mellom Statens vegvesen og det kommunalt eide Kjerringsundet AS om felles arkeologiske utgravingar for prosjekta E39 Ålesund–Molde og fylkesvegprosjektet Kjerringsundsambandet. Avtalen opna for at Kjerringsundet AS kunne forskotere inntil 55 millionar kroner. Avtalen burde hatt eit tydeleg atterhald om Stortingets samtykke til forskotering av statlege midlar. Avtalen hadde ikkje eit slik atterhald og burde derfor ikkje ha vore inngått. Avtalen ville likevel ikkje forplikta staten før ein eventuell oppstart av prosjektet E39 Ålesund–Molde er vedteken av Stortinget. Eg har tidlegare opplyst representanten at Statens vegvesen har dekt sin del av dei felles utgravingane på Sundsbøen fortløpande. Avtalen er derfor ikkje nytta og den er gjensidig sagd opp frå 19. januar 2024.
Statens vegvesen har avtale med NTNU Vitskapsmuseet om arkeologiske undersøkingar. Avtalen mellom Statens vegvesen og NTNU Vitskapsmuseet er av praktiske grunner nytta for både E39 Ålesund–Molde og fylkesvegprosjektet Kjerringsundsambandet. Statens vegvesen har fakturert Kjerringsundet AS for det fylkeskommunale prosjektet og dekka sine eigne kostnadar for riksvegprosjektet.
Oversikt over transaksjonane for dei arkeologiske utgravingane knytta til prosjekta blei lagt fram i tabell i mitt svar på skrifteleg spørsmål nr. 1152. Oversikta viser at verken Kjerringsundet AS eller Aukra kommune har utbetalt forskot til Statens vegvesen. Tabellen viser at Statens vegvesen har betalt for utgravingar knytta til E39 Ålesund–Molde og at Aukra kommune har betalt for utgravingane knytta til Kjerringsundet AS og den delen som omfattar Kjerringsundsambandet.