Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1450 (2023-2024)
Innlevert: 06.03.2024
Sendt: 06.03.2024
Besvart: 11.03.2024 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselministeren svare meg, og ikkje forsøk med å unnlate å svare på spørsmålet skikkeleg – kva konkrete konsekvensar har det fått, og kva tiltak har samferdselsministeren sett i verk inn mot å rydde opp i forholda i Statens vegvesen region midt sine åpenbare uryddige, udemokratiske, og ulovlege prosessar opp mot skandaleprosjektet Møreaksen?

Begrunnelse

I den siste tida er det avdekt ulike ulovlege lån i forvaltninga, sist frå samferdsels ang ulovleg lån på 55 mill. kr til Møreaksen prosjektet ved Statens vegvesen region midt.
I denne avdekkinga av dette ulovlege lånet opptatt mellom Aukra kommune via Kjerringsundet as og Statens vegvesen, har det mildt sagt vore "fossroing" frå både departement og regjering, der det åpenbart er avdekka handlingar frå Statens vegvesen som vi slett ikkje skal ha i Norsk forvaltning.
Vi har opplevd heilt sidan 2021 at:

- departementet avviste saka i 2021
- vegdirektøren mottok saka utan reaksjon
- brått var eit problem, og det faktiske forhold vart bekrefta
- brått var ulovleg lån bekrefta av departementet
- brått skulle aldri ha vore inngått bekrefta av departementet
- og, at dette ulovlege lånet som ikkje eksisterte men som brått eksisterte likevel var terminert og oppheva

Frå statsråden,

- ikkje inngått lån mellom Aukra og statens vegvesen, bekrefta i skriftleg spørsmål
- brått frå statsråden bekrefta likevel inngått lån mellom Aukra kommune og Statens vegvesen, som aldri skulle vore inngått
- brått beklaga av departementet
- brått bekrefta av statsråden at dette aldri skulle vore gått inn slikt lån
- brått beklaga av statsråden
- brått hevda at dette lånet ikkje var forbrukt pengar ifrå
- brått bekrefta av kommunen det stikk motsatte
- brått forsøkt grundig, feid under teppet

Som om dette ikkje var nok er det avdekka at Statens vegvesen region midt har operert med såkalla "referansegrupper" oppretta i lag med aksjeselskap, ulike aktørar for Møreaksen, styrt av Møreaksen as, og ført i penn og med medlemmar av statens vegvesen region midt heilt opp til og med strategisjefen, i eit udemokratisk "kokelimonkeorgan" som overhode ikkje høyrer heime i Norsk forvaltning.
- dette framstår direkte som undergraving av normale, demokratiske prosessar der dette organet også vart brukt til påverking av både vegdirektør, departement, regjering og stortinget, frå ei eigenoppnevnt samrøreorgan mellom Statens vegvesen og ulike interessegrupper for eit prosjekt store delar av befolkninga i Møre og Romsdal IKKJE vil ha.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Eg viser til spørsmål nr. 987, 988, 1091, 1152, 1156 og 1272 frå representant Sve om same sak og svar på desse.
Eg håpar no at vilkåra i avtalen med Kjerringsundet AS er tilstrekkeleg forklart til representant Sve i svar på spørsmåla nemnt over. Eg vil likevel gjenta at det i juni 2021 blei inngått ein avtale mellom Statens vegvesen og det kommunalt eide Kjerringsundet AS om felles arkeologiske utgravingar for prosjekta E39 Ålesund–Molde og fylkesvegprosjektet Kjerringsundsambandet. Avtalen opna for at Kjerringsundet AS kunne forskotere inntil 55 millionar kroner. Avtalen burde hatt eit tydeleg atterhald om Stortingets samtykke til forskotering av statlege midlar. Avtalen hadde ikkje eit slik atterhald og burde derfor ikkje ha vore inngått. Avtalen ville likevel ikkje forplikta staten før ein eventuell oppstart av prosjektet E39 Ålesund–Molde er vedteken av Stortinget. Eg har tidlegare opplyst representanten at Statens vegvesen har dekt sin del av dei felles utgravingane på Sundsbøen fortløpande. Avtalen er derfor ikkje nytta og den er gjensidig sagd opp frå 19. januar 2024.
Statens vegvesen har avtale med NTNU Vitskapsmuseet om arkeologiske undersøkingar. Avtalen mellom Statens vegvesen og NTNU Vitskapsmuseet er av praktiske grunner nytta for både E39 Ålesund–Molde og fylkesvegprosjektet Kjerringsundsambandet. Statens vegvesen har fakturert Kjerringsundet AS for det fylkeskommunale prosjektet og dekka sine eigne kostnadar for riksvegprosjektet.
Oversikt over transaksjonane for dei arkeologiske utgravingane knytta til prosjekta blei lagt fram i tabell i mitt svar på skrifteleg spørsmål nr. 1152. Oversikta viser at verken Kjerringsundet AS eller Aukra kommune har utbetalt forskot til Statens vegvesen. Tabellen viser at Statens vegvesen har betalt for utgravingar knytta til E39 Ålesund–Molde og at Aukra kommune har betalt for utgravingane knytta til Kjerringsundet AS og den delen som omfattar Kjerringsundsambandet.
Statens vegvesen fekk i oppdrag å undersøke om dei fann tilsvarande avtaler. Det gjorde dei ikkje. Det skal altså, etter det eg får opplyst, ikkje vere inngått liknande avtaler frå og med 2020 som inneber potensiell forskottering av statlege midlar. Eg har også tatt opp i etatsstyringsmøte med Statens vegvesen i januar at slike avtaler ikkje skal inngåast.