Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1349 (2023-2024)
Innlevert: 24.02.2024
Sendt: 26.02.2024
Rette vedkommende: Kommunal- og distriktsministeren
Besvart: 05.03.2024 av kommunal- og distriktsminister Erling Sande

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kan statsråden forklare kvifor Statsforvaltaren i denne saka har brote absolutt alle formål i reguleringsplan og arealplan for Stranda sentrum med tanke på trafikktryggleik jamf. juridisk bindande planar, der kommunen to gongar har avslått disp. søknad med bakgrunn i dette, samt barnas representant likeså, der Statsforvaltaren heller ikkje har brydd seg eit komma om det lokale sjølvstyret jf. forvaltningslova § 34, kommune er tilsidesatt, innbyggjarane likeså, og at dette ikkje kan påklagast, og er dette lokalt sjølvstyre?

Begrunnelse

Kvifor og av kva grunn ein faktisk skal kunne ha eit lokalt folkestyre/sjølvstyre i dette landet her, kan ein verkeleg stille spørsmål ikring. Dette med tanke på kva Statsforvaltar i Møre og Romsdal har prestert, der Stranda kommune to gongar har blitt grundig tilsideset samrøystes vedtak.
4. september 2009 stadfesta Miljøverndepartementet reguleringsplan for Stranda sentrum, dette pga flodbylgjeproblematikken ang planen for cruisekaier og anna kaiinfrastruktur ikring dette.
Seinare har området Stranda sentrum rullert planane med vedtak 9. november 2011, samt kommunen sin arealdel for området 2020-2032, kva området både skal nyttast til og kva hensyn som skal takast. Desse planane er juridisk bindande, faktisk også for Statsforvaltaren.
Norconsult as har søkt på vegner av Fjord 1 den 18. november 2022 om rammeløyve og dispensasjon til etablering av ladeanlegg for ferjer på Stranda ferjekai Gnr. 52 Bnr. 299.
Stranda kommune har avslått denne dispensasjonssøknaden samrøystes 2 gongar, med bakgrunn i at der finanst andre alternativ for plassering av ladeanlegget, trafikktryggleik og at det er massive protestar frå alle bebuarane i heile sentrum. Plasseringa av dette ladeanlegget midt i sentrum, som utfordrar trafikktryggleik betydeleg, i eit område der hundrevis av person ferdast i dagar med stor aktivitet i Stranda sentrum eller pga. ferjetrafikken.
Det er både frå kommunen, el verket og alle bebuarane påpeika at dette ladeanlegget kan leggast ut av trafikkbildet, og utan hinder for nokon. Nokre titals meter med kabel er då nødvendig mellom ladeanlegget og til sjølve kaia.
Søkjarane og Statsforvaltaren hevdar dette ikkje er mulig alternativ plassering, sjølv om plassering av ladeanlegg på Liabygda ferjekai på andre sida av fjorden har ladeanlegget, ja nemleg "fleire titals meter frå ferjekaia" men også her plassert trafikkfarleg.
Det skal mykje til for å kunne gje dispensasjon frå ein reguleringsplan, og i alle fall midt i eit trangt sentrum. Forholda til trafikktrygging skal vere absolutt, og dette frontar alt.
Tiltaket krev dispensasjon frå avstand til sjø, tiltaket er i strid med arealføremålet ang gang og sykkelveg, samt byggegrense mot veg (50) m.
Statsforvaltaren skal etter forvaltningslova § 34 legge stor vekt på det lokale sjølvstyret i vurderingane.

Erling Sande (Sp)

Svar

Erling Sande: Regjeringa og eg er opptekne av lokaldemokratiet og lokalt handlingsrom for kommunane. Statsforvaltarane skal ta omsyn til det lokale sjølvstyret ved behandlinga av plansaker og enkeltsaker etter plan- og bygningslova. Dette går fram både av lovgivinga og av signal regjeringa har gitt til statsforvaltarane. Eg viser blant anna til forvaltingslova § 34. Føresegna seier at der eit statleg organ er klageinstans for vedtak treft av ein kommune eller fylkeskommune, skal klageinstansen leggje stor vekt på omsynet til det kommunale sjølvstyret ved prøving av det frie skjønet. Vurderinga av dei konkrete sakene er det kommunen og statsforvaltarane som har ansvaret for. Sakene må avgjerast etter ei nærmare vurdering av forholda i kvart enkelt tilfelle, det gjeld òg saka i Stranda kommune.
På generelt grunnlag meiner eg òg at viktige og konfliktfylte spørsmål knytt til arealbruk bør takast gjennom ordinære planprosessar i kommunen, og ikkje gjennom dispensasjon frå vedtekne planar.
Den nemnde saka i Stranda kommune gjeld ein konkret søknad om dispensasjon for å byggja ladeanlegg for elektriske ferjer på Stranda ferjekai. Saka er ikkje handsama av departementet, og eg har derfor ikkje grunnlag for å kunne uttale meg spesifikt om saka. På denne bakgrunnen kan eg heller ikkje svare nærare på kvifor Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har sett til side reguleringsplanen i Stranda kommune.