Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1451 (2023-2024)
Innlevert: 06.03.2024
Sendt: 06.03.2024
Besvart: 12.03.2024 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren leggje fram detaljert planleggingsstatus for ny Rv 15 Strynefjellet med arm til Geiranger, med forventa tidsakse frå eventuell prioritering i ny NTP til reell utbyggingsoppstart av dette prosjektet?

Begrunnelse

Ny RV 15 over Strynefjellet med arm til Geiranger er eit viktig samferdselsprosjekt for næringslivet i store delar av regionen i Møre og Romsdal samt både for Vestland og Innlandet fylke.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Statens vegvesen opplyser at dei ikkje har starta planlegging etter plan- og bygningslova på rv. 15 Strynefjellet. Etaten har gjort overordna vurderingar av behovet for kommunedelplan for eit framtidig massedeponi og framføring av straum til ein eventuell framtidig byggjefase. Deretter må det utarbeidast reguleringsplan med konsekvensutgreiing. Eg har gitt føringar til Statens vegvesen om å vurdere ressursbruken til planlegging opp mot handlingsrommet for å setje i gong nye prosjekt, jamfør prinsippet om porteføljestyring.
Samferdsledepartementet har bedt Statens vegvesen om faglege vurderingar av økonomiske prioriteringar til Nasjonal transportplan 2025–2036. Regjeringas prioriteringar vil gå fram av forslag til Nasjonal transportplan 2025–2036, som vil bli lagt fram for Stortinget våren 2024.