Birgit Oline Kjerstad (SV): Kva er grunnen til at det ikkje er mogleg for norske styresmakter å bistå personar med visum og opphaldsløyve, utan tidlegare opphald i Norge, konsulær bistand til å kome seg ut av Gaza i den unntakstilstanden som er der no?
Begrunnelse
Før dei isaelske krigshandlingane i Gaza tok til i fjor haust, var det mogleg å oppsøke VFS kontor i Gaza for å få ordna papir for innreise for lovleg opphald i Norge. Dette kontoret er ikkje i funksjon lenger, og grensene ut av Gaza er stengde. Personar som har fått godkjent opphaldsløyve i Norge og som har visum får ikkje krysse grensa ut av Gaza for å kome seg til fungerande stasjon for å få ordna papira for inneise til Norge. Einast måten å kome seg ut, er gjennom at utanlandske styresmakter fasiliterer utreise med egyptiske styresmakter slik Norske styresmakter har gjort for norske borgarar, personar med flyktningestatus i Norge, og utenlandske borgarar som er bosett i Norge. UDI har hastbehandla visumsøknader, men der stoppar hjelpa for folk som ikkje har vore i Norge tidlegare.
Den humanitære situasjonen for sivilbefolkninga i Gaza er prekær. Befolkninga er innestengt i eit inferno av liding som verda knapt har sett før. Faren for å miste livet er stor på grunn av krigshandlingar, mangel på mat, vatn, forsyningar og helsehjelp. I denne unntakstilstanden er det vanskeleg å forstå at ikkje Norske styresmakter gjer alt det som er mogleg å gjere for å hjelpe menneske med visum og opphaldsløyve over grensa, så dei kan få ordna innreisepapir til Norge. Det er vanskeleg å forstå at grensa for konsulær bistand vert sett ved om ein har vore i Norge tidlegare, når menneske står i fare for å dø i det som vert karakterisert som eit pågåande folkemord. Forskarar i NORHED prosjektet ved UiO står no i akutt fare for å miste livet, og ektefeller som har oppfylt krav for familiegjenforening, men som tilfeldigvis ikkje rakk å få ordna papira før oktober 2023, lever under stort psykisk press og er i livsfare kvar dag.