Kari Henriksen (A) [16:39:17 ] (ordfører for saken): Norges
nasjonale institusjon for menneskerettigheter er en ung institusjon,
men viktig. I vår tid, da uro og utrygghet preger mange land og
viktige menneskerettigheter utsettes for press og brytes, er det
et viktig signal fra Stortinget at vi ønsker å styrke arbeidet med menneskeretter
gjennom å etablere denne institusjonen, underlagt Stortinget.
Det er gledelig å registrere, og
gratulere med, at institusjonen nå har blitt gitt A-status av styret
i det internasjonale nettverk for nasjonale institusjoner for menneskerettigheter,
GANHRI. Dermed er Stortingets forutsetning om at institusjonen skulle
oppfylle de internasjonale prinsipper for nasjonale institusjoners
status, de såkalte Paris-prinsippene, oppfylt.
Komiteen er samstemt i sin innstilling,
og jeg vil gjerne få takke komiteens medlemmer for godt samarbeid for
å komme fram til en omforent forståelse av hvordan Stortinget kan
følge opp anbefalingene fra Norges nasjonale institusjon for menneskerettigheter
på best mulig måte. Jeg vil også takke Norges nasjonale institusjon for
menneskerettigheter for god informasjon og dialog om utfordringene
institusjonen peker på.
Samarbeidsmåter og oppfølgingsmåter
vil utvikle seg over tid og, det vil være rom for god videre dialog
om hvordan Stortinget best kan følge opp anbefalingene fra institusjonen
i årene framover.
Norges nasjonale institusjon for
menneskerettigheter har pekt på tre hovedutfordringer. En av anbefalingene
er om enslige asylsøkere og omsorgstilbudet til dem. Anbefalingen
er å gi likeverdig tilbud til enslige mindreårige asylsøkere og
øvrige barnevernsbarn. Den andre er om sjøsamenes rett til sjøfiske.
Anbefalingen der er å sikre sjøsamenes rettigheter tydeligere i
lovverket, slik at lovgivningen sikrer at inngrep som kan innvirke
på sjøsamenes materielle kulturgrunnlag, blir tilstrekkelig utredet.
Det tredje punktet er konkret forslag om en helhetlig gjennomgang
av hvorvidt tvangsmiddelbruk i medhold av straffeprosessloven § 222 d
og politiloven § 17 d er forenlig med Grunnloven § 102 andre punktum.
Komiteen fant fram til at den beste
måten Stortinget kan følge opp disse anbefalingene på, er å foreslå
at regjeringa gjennomgår disse anbefalingene og kommer tilbake til
Stortinget på egnet måte med hvordan anbefalingene er fulgt opp.
En enstemmig komité står bak dette.
Jenny Klinge (Sp) [16:42:16 ] : Stortinget og regjeringa har
det fremste ansvaret for at menneskerettane blir følgde i Noreg.
Nasjonal institusjon er ein viktig – og kjem til å bli, trur eg,
ein stadig viktigare – bidragsytar og premissleverandør for korleis
vi forvaltar ansvaret vårt. Dette er den andre årsmeldinga frå NIM
som Stortinget skal behandle, og vi i Senterpartiet meiner det er gjort
eit godt arbeid.
Institusjonen sine hovudoppgåver
er m.a. å bidra til informasjon om menneskerettane og gje råd og
anbefalingar til dei ansvarlege myndigheitene for å sikre respekt
for dei internasjonale forpliktingane vi har.
Ein del av mandatet til NIM er
å gje råd til Stortinget om menneskerettssituasjonen i Noreg, m.a.
gjennom å gje denne årsmeldinga til Stortinget. Noregs nasjonale institusjon
skal sjølvsagt ha nytte utover årsmeldinga. Korleis dette skal skje,
er nytt òg for Stortinget, og vegen blir til medan vi går. Det at
NIM er ein uavhengig institusjon, legg enkelte føringar for relasjonen
mellom Stortinget og NIM.
I fjor vår behandla Stortinget
årsmeldinga frå NIM for 2015. Sidan organisasjonen var nyoppretta
den gongen, var ikkje årsmeldinga lang, men den peikte ut ei retning
for kva tema institusjonen ville arbeide med, og korleis dei ville
gjere dette.
I debatten i Stortinget i fjor
vart det gjeve uttrykk for store forventningar til NIM. Det er derfor
godt å sjå at institusjonen har følgt godt opp i det året som har
gått, og at dei kjem med ei fyldig årsmelding som inneheld anbefalingar
på ei rekkje område. Av dei tema som NIM tek opp i årsmeldinga,
er det fleire som stadig går igjen i justiskomiteen.
Tema eg er særleg oppteken av,
er ytringsfridom og pressefridom. Dette er blant dei temaa som var
omtalte i årsmeldinga til NIM. Der viser dei til at begge desse rettane
er under press internasjonalt, og konkluderer med at ytringsfridomen
i Noreg framleis har eit sterkt vern, men at det òg hos oss er fleire
utviklingstrekk som vi gjer lurt i å vere obs på. Noko kan vi gjere
tiltak mot gjennom lovgjeving, andre ting ikkje.
På grunn av den teknologiske utviklinga
står vi overfor ein del problem som vi tidlegare ikkje har hatt.
Det fører til at vi stadig må følgje med og gjere tiltak i tråd med
utviklinga i samfunnet, for å sikre at menneskerettane blir varetekne.
Som fleire andre menneskerettar er ikkje ytringsfridomen absolutt.
Den må vegast mot andre rettar, og det må somtid gjerast krevjande
grensedragingar. For eksempel må omsynet til ytringsfridomen i somme
saker balanserast mot omsynet til personvernet eller til andre vektige
samfunnsinteresser, som samfunnssikkerheita i stort.
Ikkje minst må vi leve med det
paradoksale at enkelte ytringar kan få negative konsekvensar for
ytringsfridomen i seg sjølv, som når hatefulle ytringar gjer at
enkelte stemmer blir skremde vekk frå å delta i den offentlege debatten.
Her må det gjerast gode og grundige vurderingar når omsyna skal
balanserast, og det er inga lett øving.
Mange fleire tema er drøfta i årsrapporten
til NIM, og det er ikkje mogleg å ta opp alle. Det eg vil seie på
tampen, er at eg kjem til å ta med meg innspela vidare i arbeidet
på Stortinget. I temarapportane sine har NIM retta hard skyts mot
myndigheitene i enkelte saker. Det er nok kjekkare for dei som sit
i opposisjon enn for dei som sit posisjon når NIM leverer kritikk
mot avgjerder som er tekne, men det er viktig å hugse på at det
er nettopp slike råd til myndigheitene som er kjernen i det arbeidet NIM
er sett til å gjere. Dei skal ha skryt for at dei som relativt ny
institusjon er tydelege og uredde i kampen for å fremje menneskerettane.
Institusjonen har allereie vist evne til å oppfylle rolla som kritisk
motvekt til myndigheitene. Eg håper dei held fram med dette i framtida.
I eit demokratisk samfunn må Stortinget og skiftande regjeringar
sjølve finne ut korleis vi stiller oss til råda vi får.